Hopp til innhold

Solberg: – Dette er ein sorgfull dag

Statsminister Erna Solberg seier dette er ein tung dag, både for dei som har mista ein av sine kjære, men også for heile det norske samfunnet.

Statsminister Erna Solberg om helikopterulykken utenfor Bergen.

I SORG: Statsminister Erna Solberg sender sine tankar og medkjenlse til alle dei som har mista ein kjær i helikopterulykka.

– Våre tankar går til alle dei som i dag har motteke den tunge bodskapen om at dei har mista ein som står dei nær. Dei som kjenner uro, sakn og smerte i dag skal vite at de ikkje er åleine i sorga, sa Erna Solberg på ein pressekonferanse i ettermiddag.

Ifølgje statsministeren er det lenge sidan ei så alvorleg ulykke har råka norsk olje- og gassnæring. Ho sender også sine tankar til dei som jobbar på norsk sokkel, som har mista vener og kollegaer.

– Det er ein tung dag for alle som jobbar i olje- og gassindustrien i Norge, og for heile det norske samfunnet, sa Solberg

Redningsaksjonen er avslutta

Helikopteret på veg frå Gullfaks-feltet styrta ved Turøy i Hordaland. Hovudredningssentralen fekk den første meldinga om havariet klokka 12.01.

13 personar var om bord. Politiet går no ut frå at alle omkom i styrten. 11 er så langt funne. Søket etter dei to siste held fram.

Det var elleve nordmenn om bord, ein brite og ein italienar.

Har følgt situasjonen

Statsministeren har i ettermiddag følgt redningsarbeidet etter helikopterstyrten.

– Eg har snakka med leiinga i Statoil og uttrykt mi sorg og medkjensle. Eg har i tillegg blitt oppdatert på situasjonen. Naudetatane og ei rekke ressursar var raskt på staden, og eg vil takke alle som har bidrege i redningsarbeidet i ettermiddag.

Statsministeren hadde allereie planlagt ei reise til Bergen i dag, og vil vurdere om ho skal besøke ulykkesstaden og snakke med pårørende.

– Må få vite årsaka

No vil regjeringa vente på funna frå Havarikommisjonen. I mellomtida ser ikkje statsministeren nokon grunn til å ta nye initiativ som endrar regelverket.

– Vi må først få vite kva som er årsaka til ulykka. Det vil vere viktig å gå gjennom helikoptera og sikre at det ikkje er ein systemfeil her. Dersom det blir avdekka at årsaka kunne vore hinda med andre kontrollar og sjekkar, vil det påvirke regelverket.

– Kva vil du sei til alle dei som jobbar i olje- og gassindustrien i dag?

– Vi har stor medkjensle med alle dei som har mista nokon, men også med dei som jobbar i olje- og gassnæringa. No skal vi finne ut årsaka til at dette har skjedd. Liv og tryggleik har vore høgt prioritert i norsk olje- og gassindustri i alle år, og det skal det framleis vere.

AKTUELT NÅ