Hopp til innhold

Solberg til NRK: – Vi diskuterer samlokalisering av naudsentralane

Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa vurderer kva dei skal gjere med naudsentralane til brann, politi og helse.

AMK-sentralen i Helse Førde

AMK-SENTRAL: Helse Førde fekk kritikk for handteringa av trippeldrapet i Årdal. Statsminister Erna Solberg (H) seier ein diskuterer kva ein skal gjere med nødmeldetenesta i framtida.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Førre veke publiserte NRK lydloggar frå handteringa av trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal. Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde fekk kritikk av fylkeslegen og DSB fordi dei gjorde alvorlege varslingsfeil i handteringa av hendinga.

AMK-sentralen fekk mellom anna melding om terror, kapra buss og om mange drepne, men denne informasjonen blei aldri varsla vidare til dei to andre naudsentralane.

Dette førte mellom anna til at brannvesenet rykte fram til bussen, uvitande om at det var ein mann med kniv i bussen. Dei trudde det hadde skjedd ei heilt vanleg ulykke.

Solberg: – Vi blir aldri perfekte

Ifølgje Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) kunne dei same svikta skjedd ein anna stad i dag. Dei seier naudetatane er for dårlege til å varsle kvarandre, og at sentralane bør lokaliserast saman for å hindre dette.

Statsminister Erna Solberg (H)

Statsminister Erna Solberg (H) seier at beredskapen aldri blir perfekt.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Vi får tilbakemeldingar om at det glipper kvar einaste veke, seier avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB.

Pedersen meiner naudmeldetenesta er for dårleg, og at det hastar å gjere noko med det.

Statsminister Erna Solberg seier til NRK at ein alltid kan bli betre, og at det er viktig å lære av feil og svikt som skjer.

– Vi blir aldri perfekte. Det vil ingen klare, fordi det alltid vil skje systemsvikt og menneskelege feil. Men vi skal lære av kvar einskild øving og kvar einskild hending slik at vi blir betre, og slik at vi kan reagere meir samstemt, seier Solberg på spørsmål om hendinga i Årdal.

Sjå tidslinje og høyr lydloggar frå handteringa av trippeldrapet i Årdal:

Laster innhold, vennligst vent..

– Må vurdere gevinstane

I dag er det 18 alarmsentralar for brann, 18 AMK-sentralar og 27 operasjonssentralar for politiet. I Nærpolitireformen blir det lagt opp til at sentralane til politi og brann skal samlokaliserast og ha ansvar for same geografiske område, men AMK-sentralane er ikkje med i dette prosjektet.

– Det er ein diskusjon som pågår. Vi må vurdere kva som er gevinstane og kva som ikkje er gevinstar med samlokalisering, seier Solberg.

– Men er det viktig å også få inn akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) saman med brann og politi?

– Vi har ein diskusjon om dette, og det kjem vi tilbake til.

AKTUELT NÅ