Hopp til innhold

Slik skal kongefamilien feire jul

Slottets Røde salong var pynta til høgtid då kongeparet og kronprinsfamilien stilte til den årlege julefotograferinga torsdag ettermiddag.

Snart set kronprinsfamilien kursen mot hytta i Uvdal, medan kongeparet flytter inn på Kongsseteren for å feire jul.

Men før den tid var det tid for den årlege julefotograferinga av familien.

Trass i at det var seks grader og snøfritt i Oslo sentrum, mangla det ikkje på julestemning på Slottet.

Prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus demonstrerte pynting av juletre og stilte opp på fellesfotograferinga. Førstnemnde aktivitet fall nok mest i smak.

Kronprinsesse på betringas veg

Det var lenge usikkert om kronprinsesse Mette-Marit ville bli frisk nok til å delta på årets fotoseanse. Men framgangen etter nakkeoperasjonen er god, og i ettermiddag var ho tilsynelatande i god form og poserte med prinsesse Ingrid Alexandra på fanget kledd i Hardanger-bunad.

Kronprinsesse Mette-Marit vart operert for nakkeprolaps på Rikshospitalet 15. november. Knappe fire veker seinare var ho ute på sitt fyste offisielle oppdrag etter sjukefråværet, på Norad konferansen.

– Eg føler meg mykje betre, og det er eg takknemleg for, sa kronprinsessa då.

Nyoppussa

Dronning Sonja hadde på seg sin Telemark-bunad, medan herrane, inkludert prins Sverre Magnus, stilte i mørk dress.

Bileta vart tekne i den røde salong på Slottet, der også førre julefotografering fann stad i 2011. Sidan det er salongen pussa opp.

Prinsesse Ingrid Alexandra hadde på ein blå kjole i fløyel.

På hytta

No ventar julefeiring på hytta i Uvdal. Julaftan skal kronprinsfamilien til gudsteneste i Uvdal kyrkje.

Kongeparet tek imot prinsesse Märtha Louise og familien hennar på kongsseteren. Saman skal dei til juledagsgudsteneste i Holmenkollen kapell.

Sist prinsessa, Ari Behn og dei tre døtrene har julaftan med kongeparet var i 2010. Dei siste to åra har dei vore saman med Behn-familien.

AKTUELT NÅ