Hopp til innhold

80 bruer av same type som Skjeggestadbrua

– Det er rundt 80 bruer av om lag same type som Skjeggestadbrua i Vestfold. Vegvesenet skal no sjekke grunnforhold og liknande på desse bruene og så gi ei vurdering av kva arbeid som må gjerast, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Skjeggestad bru kollapset

Skjeggestadbrua kollapsa etter eit jordras i går ettermiddag.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Solvik-Olsen vitja Skjeggestadbrua i dag. I går kollapse brua i sørgåande løp av E18 i Vestfold etter eit jordras i grunnen under brua. Til alt hell kom ingen til skade, men E18 er stengt forbi staden på ubestemt tid i begge retningar.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)

Vegvesenet skal sjekke grunnforhold og liknande ved 80 liknande bruer, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp)

Foto: NRK

Ketil Solvik-Olsen seier til NRK at Vegvesenet alt har sett i gang eit kartleggingsarbeidet ved dei liknande bruene, og at dette arbeidet vil skje fortløpande. Han legg vekt på at Vegvesenet no har ressursar til å hente inn vedlikehaldsetterslep, og det, seier han, har dei ikkje hatt på fleire tiår.

Vil hindre tunge maskinar

Samferdsleministeren seier det kan bli aktuelt, ved hjelp av skilt og gjerde, å hindre at tunge maskinar kan ta seg inn i område der bruene står. Det er klart at det vart gjort grunnarbeid med blant anna ein stor bulldosar i området før jordraset gjekk under Skjeggestadbrua, men det er førebels uklart om dette arbeidet løyste ut raset.

Solvik-Olsen forsikrar at norske bruer er av god kvalitet og at det ikkje er nokon grunn for bilistar å frykte fleire brukollapsar.

– Av og til så skjer det slike hendingar, men vi må forsikre oss så godt som mogleg at det ikkje skal skje, seier han.

Denne brua og liknande bruker skal gjennom ein inspeksjon kvar femte år. Skjeggestadbrua stod for tur til ein slik rutinemessig sjekk neste år.

Skjeggestad bru besto siste inspeksjon med glans

Holmestrand-beboer: – Vi får psykiske problemer

Lovar nok pengar

Ketil Solvik-Olsen lovar at det ikkje skal stå på pengar for å få trafikken i gang igjen på E18 gjennom Vestfold, sidan det er snakk om ei viktig transportåre. Han lovar også å det skal ordnast opp i dei lokale trafikkproblema E18-stenginga skapar.

Sjefingeniør Odd Tandberg i Vegvesenet seier det førebels ikkje blir aktuelt å opne Skjeggestadbrua i nordlege retning. Denne brua står fram som uskadd, men det trengst fleire undersøkingar før det kan bli aktuelt.

I dag har geoteknikarar frå NVE har undersøkt rasområdet. Dei er relativt trygge på at det ikkje vil få fleire ras på staden, men dei vil førebels ikkje spekulerer i kva som kan vere årsaka til brukollapsen.

Bulldosersjåfør ringte: – Få stengt E18

Eksperter: Arbeider i nærområdet kan føre til skred og brukollaps

AKTUELT NÅ