Hopp til innhold

Skadar frå lynnedslag fordobla på tre år

Skadar som følgje av lynnedslag dobla seg i åra 2011 til 2014. I fjor vart det registrert over 18.000 lynskadar her i landet, og over halvparten av dei skjedde i feriemånadene juli og august.

Lynnedslag på Skjærhalden.

2014 var eit rekordår for skadar etter lynnedslag her i landet. Biletet er frå Skjærhalden i Østfold.

Foto: Lise Sundberg

Det er stor frykt for at sommaren 2015 skal bli like ille som i 2014. Når det etter ein varmeperiode kjem inn ein fuktig kaldfront, då er det ekstra stor fare for lyn og torever. Ekspertar åtvarar om at den globale oppvarminga fører til meir ekstremvêr også her i landet, og dermed også meir lynnedslag og svært kraftige regnskurar.

Bente Wahl

Statsmeteorolog Bente Marie Wahl fortel at det har vorte meir vanleg med ustabil luft på sommaren.

Foto: Jan-Inge Hansen / met.no

Statsmeteorolog Bente Marie Wahl seier til NRK at det er ein tendens med meir bygevêr med ustabil luft om sommaren, og at det aukar faren for lyn og torever. – Det er ikkje utenkjeleg at dette har med klimaendringar å gjere, men for tidleg å slå det fast, seier ho.

Ekstremår for lyn

– 2014 var eit ekstremår for lyn. Skadane som følgje av lyn vart meir enn dobla samanlikna med eit normalår, seier kommunikasjonsrådgjevar Vidar Korsberg Dalsbø i DnB Forsikring. Han åtvarar om at vi kan stå framfor ein ny sommar med mykje lyn- og torever.

LES OGSÅ: – Overraskende stor skogbrannfare i marka

Vidar Korsberg-Dalsbø

– 2014 var eit ekstremår for lyn, seier Vidar Korsberg-Dalsbø i DNB Forsikring.

Foto: DNB Forsikring

Ifølgje kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge betalte norske forsikringsselskap ut 418.463.000 kroner etter lynnedslag i 2014. Talet for 2011 var 187.189, medan det i 2012 var på beskjedne 87.234.000 kroner. I 2013 steig talet igjen til 199.565.000 kroner, før det bokstaveleg talt eksploderte i 2014.

I fjor vart det registrert 18.046 skadesaker som følgje av lynnedslag. I 2011 var talet 9288 og i 2013 7976. Over halvparten skjedde i juli og august, og utbetalingane i desse to månadene i 2014 var 169 millionar. Det er 40 prosent av dei totale utbetalingane på 418 millionar i fjor.

– 2014 var eit rekordår både på lynskadar og utbetalingar frå forsikringsselskapa frå slike skadar, seier Stine Neverdal.

LES OGSÅ: Stod bare meter unna da det smalt

LES OGSÅ: Nabo om skogbrann: – Det smalt og så begynte det å brenne

Toppar brannstatistikken

Dei vanlegaste skadane skjer på datamaskinar, fjernsyn, varmepumper, kjøleskap eller fryseboksar og alarmanlegg. Årsaka er overspenning i nettet. Elektrisk utstyr og kvitevarer som er kopla til straumkontaktar er spesielt utsette.

Stine Neverdal har ei klar oppmoding. Trekk ut støpsla på elektrisk utstyr, og ho tilrår også å installere overspenningsvern i sikringsskapet. Det gir godt vern mot lynnedslag. Overspenningsvern er no lovpålagt i alle nye hus, men lova har ikkje tilbakeverkande kraft.

Ho meiner det også er smart å få fagfolk til å sjekke det elektriske anlegget i huset kvart femte år.

Stine Neverdal

Stine Neverdal er kommunikasjonssjef i Finans Norge.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Lyn fører til branntilløp og er ei viktig årsak til at sommarmånadene toppar brannstatistikken. I tillegg slår lynet ut elektriske apparat.

2,7 millionar lyn

For å illustrere kor store krefter som er i sving, viser Norsk Brannvernforening til følgjande: Straumstyrken i eit lynnedslag kan variere frå nokre tusen ampere til 300.000 ampere. Til samanlikning er eit vanleg sikringsskap laga for å tole straumstyrke frå mellom 10 og 60 til 80 ampere.

Forskingsstiftinga SINTEF, som er ansvarleg for lynmålingane her i landet, stadfestar at lynaktiviteten i 2014 var svært høg i heile Nord-Europa. Det vart i fjor registrert heile 2.710.000 lyn i dette området.

LES OGSÅ: Lyn førte til boligbrannboom i 2014

LES OGSÅ: To av tre nøyer seg med å dra ut støpslene

AKTUELT NÅ