Hopp til innhold

Sjå dei dramatiske videoane frå stormen Dagmar

I løpet av jula har mange opplevd uvêret Dagmar på kloss hald. Her kan du sjå private videoar frå folk sitt møte med stormen.

Her treff stormen Dagmar tankskipet MS Volstad Supplier på Haltenbanken i Nordsjøen, ettermiddagen 1.juledag.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I videoen over treff stormen Dagmar tankskipet MS Volstad Supplier på Haltenbanken i Nordsjøen, ettermiddagen 1.juledag.

Dagmar gjorde entré midt i julehøgtida, og har hatt ein vindstyrke heilt oppe i 160 kilometer i timen. Naust er øydelagde, bilar og båtar blesne over ende, tre har velta og mange tusen menneske har vore utan straum. I Sogn og Fjordane har det gått fleire jord- og steinras.

Uvêret har truleg gjort skadar for rundt ein milliard kroner på sin ferd over Nordvestlandet, ifølgje Finansnæringens Hovedorganisasjon (FNH).

Under kan du sjå videoar frå Dagmar sine herjingar i inn- og utland.

Fotografen er nær ved å bli teken av bølgjene på Kråkeneset i Sogn og Fjordane:

Fotografen nær ved å bli teken av bølgjene på Kråkeneset i Sogn og Fjordane.

Her blir Christer Mathisen (23) overraska av høge bølgjer på Piren i Trondheim:

Video Christer (23) ble tatt av bølgene

Christer (23) skulle sjå til familien sin båt då han blei fanga i sin eigen bil av uvêret, midt ute på Piren i Trondheim.

Vått og kaotisk i Molde 1.juledag:

Vått og kaotisk i Molde 1.juledag.

Store skadar i Molde etter uvêret:

Video Store skader i Molde etter uværet

En seglbåt på rundt 40 fot er kasta på land av bølgjene i Molde. Restavfall, båtar og store steinblokker ligg strødde.

Presenningar bles til himmels i Kristiansund:

Stille etter stormen på Veblungsnes i Romsdalsfjorden:

Stille etter stormen på Veblungsnes i Romsdalsfjorden.

Også i nabolanda Sverige og Finland, og i dei baltiske landa har Dagmar sett spor etter seg.

Kraftige vindkast ved hamna i den estiske hovudstaden Tallin:

Kraftige vindkast ved hamna i Tallin, Estland.

Her fell furua i eit finsk burettslag:

Her fell furua i det finske burettslaget.

AKTUELT NÅ