Hopp til innhold

Shkurta er uroa for både jobb og pengar

Etter fem år på universitetet, vurderer Shkurta Olluri (25) å ta til på nok eit studium. Mangel på jobbar, og uro for økonomien fører til at stadig fleire studentar gjer det same.

Shkurta Olluri

UROA: - Eg veit ikkje kva eg gjer etter masterutdanninga mi, seier Shkurta Olluri.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Eg byrja å søkje på jobb allereie før jul, men har førebels ikkje fått noko. Og no anar eg ikkje kva eg gjer etter sommaren, seier masterstudent Shkurta Olluri.

På lesesalen på matematisk institutt er det stadig diskusjonar om kven som har fått arbeid, og kven som framleis slit med å finne ut av kva dei skal gjere etter endt studie.

Tel på kvar studentkrone

Og dei er ikkje aleine. For forventingsbarometeret som kjem frå Finans Norge viser at nordmenn meiner norsk økonomi har utvikla seg verre enn venta dei siste åra. Og fleire enn på lenge fryktar no at dette vil råke privatøkonomien.

Eg har ønska å kjøpe meg leilegheit lenge, og tenkt på det i vert fall i eit år. Men med studentøkonomi er usikker, og når eg ikkje veit kva eg gjer etter sommaren, ventar eg heller til eg veit korleis situasjonen blir.

Det er særleg høgt utdanna som er blitt meir usikre på eigen økonomi. I Forventingsbarometeret blir folk spurt om forventningane dei har til økonomien i Norge, eigen økonomi, og om dei planlegg å kjøpe større ting som bil og leilegheit i den næraste tida. Og vi må tilbake til bustad- og bankkrisa tidleg på 90-talet for å finne lågare optimisme.

– I kollektivet mitt der eg bur saman med to andre, er det ingen som ventar betring eller jobb. Før var det slik at arbeidsgjevarane kom til oss for å få tak i rett kompetanse og arbeidskraft. No er det vi som må kome til dei, og det er ofte ikkje relevante jobbar for utdanninga vi tek, seier Olluri.

Uro i studentmiljøet

Fleire permitteringar og oppseiingar i oljebransjen får fleire til å skjelve. For det forplantar seg. Fleire studentar NRK har snakka med fleire stader i Noreg, seier dei er uroa.

– Det er tema veldig ofte. Eg vurderer å ta fleire fag etter at eg er ferdig med masterutdanninga mi for å ha noko å gjere, og for å vere betre rusta til å få arbeid. Det kan ikkje skade å få meir kunnskap, men det vert sjette året mitt på universitetet, seier 25-åringen.

Og det freistar ikkje.

Eg vil tru eg er ganske sliten etter at eg har arbeidd 12-13 timar kvar dag med denne oppgåva mi, og så gå rett på eit nytt studium. Og det er jo nokon her som er nesten som evig studentar, det ønskjer ikkje eg. Men må eg studere meir, så må eg, seier ho.

AKTUELT NÅ