Hopp til innhold

SAS: – Historisk avtale med pilotane

Streiken blant dei norske flygarane i SAS er over, opplyser Norsk Cockpitforbund. Ifølgje SAS er den nye avtalen moderne, samlande og historisk.

fly

SAS-flygarane som var tekne ut i streik skal tilbake til spakane etter at streiken blei avblåst torsdag.

Foto: Kleiven, Paul / NTB scanpix

Pilotstreiken i SAS er avblåst etter at Riksmeklaren torsdag morgon la fram ein avtale som partane er samde om, opplyser fungerande forbundsleiar Rune Sundland.

– Desse tarifforhandlingane har vore svært utfordrande, men me har no landa ein avtale. Me er glade for at konflikten er over, og for at alle ressursar kan setjast inn att for å ta hand om passasjerane, seier Sundland i ei pressemelding.

SAS: – Historisk

Infosjef Knut Morten Johansen i SAS

Informasjonssjefen i SAS, Knut Morten Johansen, er svært nøgd med å ha fått på plass ein ny tariffavtale med Norsk Cockpitforbund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Dei første pilotane gjekk ut i streik den 21. mai etter brot i meklingane for 300 SAS-flygarar organiserte i LO-forbundet Norsk Cockpitforbund.

Streiken blei gradvis trappa opp, og 17 flygarar på interkontinentale ruter har vore i streik denne veka. Totalt 30 flygingar blei kansellerte og 600 passasjerar råka av streiken. Onsdag valde partane å gå tilbake til mekling.

SAS kallar den nye tariffavtalen «historisk».

– Me har operert med ein avtale som har vore reforhandla gjennom 50 år. Med dette har SAS fått ein heilt ny avtale som samlar SAS til å kunne operera på skandinaviske vilkår men med ein moderne, framtidsretta avtale, seier informasjonssjefen i SAS; Knut Morten Johansen til NRK.

SAS hadde allereie reforhandla avtalane med alle pilotane sine i Sverige og Danmark og med halvparten av flygarane i Norge. De streikande pilotane utgjorde om lag 20 prosent av SAS-pilotane i Skandinavia.

Arbeidsbelastning viktigast for pilotane

SAS erkjenner at det har vore krevjande å koma til einigheit med pilotane.

– Me skal gje alle partar ros for å ha gjort eit godt stykke arbeid. Her er det ein gjensidig gevinst for alle partane, seier informasjonssjefen.

Etter det NTB erfarer er avtalen identisk med den pilotane først sa nei til. No blir avtalen send ut på urrøysting til medlemmene i Cockpitforbundet.

Forbundsleiar Sundland sa måndag denne veka at avtalen SAS hadde lagt fram for dei streikande flygarane var betydeleg dårlegare enn den dei hadde.

– Det viktigaste elementet var dette med arbeidsmiljø og arbeidsbelastning. Me har ikkje tenkt å koma med store pengekrav, uttalte Sundland.

Informasjonssjefen i SAS seier at den nye avtalen fangar opp bekymringar rundt arbeidsbelastning for begge partar.

Fire kanselleringar torsdag

SAS håpar å ha dei streikande pilotane raskt tilbake i arbeid, men dei fire SAS-flya som er kansellerte torsdag som følgje av streiken, blir ståande på bakken:

Oslo–New York (t/r)

København–Chicago (t/r)

København–Tokyo (t/r)

København–Beijing (t/r)

AKTUELT NÅ