Hopp til innhold

Sandberg og Solvik-Olsen ynskjer attval

Både første nestleiar Per Sandberg og andre nestleiar Ketil Solvik-Olsen vil halde fram som nestleiarar i Framstegspartiet. Partiet har landsmøte i mai.

Ketil Solvik-Olsen, Per Sandberg og Siv Jensen.

Begge nestleiarane i Framstegspartiet vil halde fram etter landsmøtet i mai. Her er Ketil Solvik-Olsen (t.v.) og Per Sandberg saman med partileiar Siv Jensen på landsmøtet i fjor.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Vi er begge toppmotiverte for å gå på ein ny periode som nestleiarar, og vi er klare til å møte Arbeidarpartiet i valkampen til hausten, seier Sandberg og Solvik-Olsen i ei fråsegn frå partiet.

Per Sandberg har vore første nestleiar i Framstegspartiet sidan 2006. Han seier at han ikkje kan gi seg no, når så mange store politiske saker står i kø. Han nemner nye budsjett med skatte- og avgiftssletter og politi- og kommunereformene.

Sandberg rettar også kritikk mot Arbeidarpartiet fordi partiet gjennom åtte år i regjering ikkje har teke den tryggingspolitiske situasjonen, med stadig meir uro i verda, på alvor. Han peikar spesielt på framveksten av ekstrem islamisme.

Også dei tre andre sentralstyremedlemene i partiet som er på val har sagt at dei stiller seg til disposisjon for ein ny toårsperiode. Det er Robert Eriksson, Sylvi Listhaug og Helge A. Njåstad.

Landsmøtet i Framstegspartiet blir halde 1.–3. mai.

LES OGSÅ: Sandberg: – Folk blir fornøyde når Frp får sendt Krekar ut

AKTUELT NÅ