Hopp til innhold

Samanliknar Norwegian med ulv i fåreklede

«Stopp ulven i fåreklede» skriv amerikanske og europeiske pilot-fagforeiningar i ein underskriftskampanje mot flyselskapet Norwegian.

ALPA-leiar Lee Moak

Leiarane for pilotfagforeiningar i USA og Europa er denne veka i Oslo for å skaffa seg medhald i kampen mot det dei meiner er sosial dumping frå flyselskapet Norwegian si side. – Norwegian shoppar etter billeg arbeidskraft, seier Lee Moak i ALPA.

Foto: NRK

Pilotar i USA og Europa tek nye grep for å mobilisera krefter i kampen mot Norwegian.

I ei underskriftskampanje på internett blir det norske flyselskapet samanlikna med ein ulv i fåreklede som vil skada amerikanske arbeidarar og gjera det farlegare å fly dersom dei får det som dei vil med utflagging og bruk av asiatisk arbeidskraft. Underskriftene skal overleverast til Obama-administrasjonen.

Meir enn 30 fagforeiningstoppar frå USA og Europa var onsdag samla på Hotel Plaza i Oslo for å marknadsføra sin kamp mot Norwegian sin bruk av asiatisk mannskap på langdistanserutene og pilotar med kontrakt i Singapore.

– Norwegian shoppar etter billeg arbeidskraft. Me er samla her for å sikra at styresmaktene i Noreg, Irland eller USA vil setja ein stoppar for praksisen til Norwegian, sa ALPA-leiar Lee Moak under pressekonferansen i ettermiddag.

– Norwegian-praksis trugar pilotane

Norwegian ønskjer å flytta drifta av flyselskapet frå Noreg til Irland. Varselet om utflagging kom etter at selskapet i 2013 ikkje fekk norske styresmakter med på å fjerna eit krav i Utlendingsforskrifta om arbeids- og opphaldsløyve for utlendingar utanfor EØS som skal jobba på norske fly.

Pilot-fagforeiningar i USA og Europa meiner Norwegian med dette trugar tusenvis av jobbar og flyindustrien i både USA og Europa. No tryglar dei norske politikarar om hjelp til å stoppa det norske flyselskapet.

Amerikanske fagforeiningar er i harnisk over utflagginga, og får støtte frå både Norsk flyforbund og European Cockpit Association (ECA), som representerer over 38.000 pilotar i 37 land.

– Me ser at dei sosiale ytingane og dei fundamentale arbeidsrettane til pilotane er truga av at Norwegian ønskjer å ha hovudbase utanfor Europa. Thailand har ikkje slike ordningar. Det er noko me ikkje kan akseptera, seier presidenten i ECA, Nico Voorbach.

– Me i Norsk flyforbund støttar opp om våre europeiske og amerikanske kollegaer. Me er heilt på linje med dei i denne saka. Konkurranse er bra, men det skal vera på like vilkår. Arbeidsgjevarar må ta arbeidsgjevaransvar og pilotane skal vera tilsette i det selskapet dei flyg for, seier den norske forbundsleiaren.

Norwegian: – Dryge påstandar

Anne-Sissel Skånvik

Kommunikasjonsdirektør i Norwegian Anne-Sissel Skånvik meiner kritikken botnar i konkurransefrykt.

Foto: Mats Lundqvist / Norwegian

– Dette er dryge påstandar frå dei amerikanske pilotane og Norsk flyforbund, seier kommunikasjonsdirektør i Norwegian Anne-Sissel Skånvik til NRK.

Ho meiner dei har konkurransedyktig løn til sine tilsette, og at kritikken handlar om at flygarane i andre land fryktar konkurranse.

– Norwegian skapar arbeidsplassar. Talet på tilsette me har i USA vil truleg auka i tida framover. Dei amerikanske pilotane går inn for å forpurra at Norwegian kan bli ein konkurrent i framtida.

Dette avviser den amerikanske fagforeiningsleiaren Moak.

– Me føler oss forplikta og positive til å konkurrera i kommersiell internasjonal luftfart på den globale marknaden. Men det Norwegian planlegg vil gje dei ein sterkt urettferdig økonomisk fordel, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger