Hopp til innhold

Lærarstreiken er over - har løyst stridspunktet

Partane i lærarstreiken er samde om ei løysing på det omstridde punktet om arbeidstid, får NRK stadfesta. Løysinga gir lærarane ein viktig siger.

ENighet i lærerkonflikten

I løpet av natta har partane i lærarkonflikten blitt samde om ei løysing. Måndag morgon heldt dei pressekonferanse. Frå venstre: leiaren i Norsk Lektorlag Gro Elisabeth Paulsen, leiaren i utdanningsforbundet Ragnhild Lied, KS styreleiar Gunn Marit Helgesen og forbundsleiar Anne Finborud i Skolenes Landsforbund.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det betyr at den langvarige konflikten mellom dei streikande fagforbunda og arbeidsgjevarorganisasjonen KS er over.

Partane kom med gladmeldinga på ein pressekonferanse på Kommunenes Hus i Oslo måndag morgon.

Vetorett til lærarane

Forhandlingsleder i KS Per Kristian Sundnes og leder i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied

Forhandlingsleiar i KS Per Kristian Sundnes og leiaren i Utdanningsforbundet Ragnhild Lied skal ha kome til semje om kjernen i konflikten.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Punktet i den nye arbeidstidsavtalen om at lærarane må godta meir bunden arbeidstid har vore kjernen i striden mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS og fagforeiningane.

KS har grunngjeve dette kravet med behovet for å lyfta norsk skule ved hjelp av eit sterkare fagmiljø og ein betre samarbeidskultur mellom lærarane. Streikande lærarar meiner meir bunden arbeidstid er eit teikn på mistillit frå arbeidsgjevar si side.

No har partane funne ei løysing på dette. Den nye avtalen gir lærarane ein stor siger i form av vetorett når det gjeld spørsmålet om meir bunden arbeidstid.

Les heile forslaget til ny avtale på KS sine heimesider.

Hovudtrekka i den nye løysinga er at:

  • Det må vera semje mellom partane på kvar enkelt skule for at det skal kunne innførast lokale arbeidstidsordningar.
  • Dersom partane på ein skule ikkje blir samde om auka arbeidstid, er ei tvisteløysing med mekling i kommune eller fylkeskommune neste steg.
  • Blir ein heller ikkje samde der, så er det dagens ordning som gjeld.
  • Den gamle avtalen blir ståande i inneverande skuleår. Den nye framforhandla avtalen gjeld frå 01. august neste år dersom lærarane fell ned på eit ja i uravrøystinga.
  • Det blir sett ned eit partssamansett utval som skal sjå på ei reform og nye ordningar på dette området i løpet av denne tariffperioden.

(Sjå fleire detaljar frå den nye avtalen i faktaboksen på høgre side eller nedst i artikkelen (mobil) )

Magnus Takvam om streiken

Politisk kommentator i NRK Magnus Takvam fortel om detaljane i løysinga på lærarkonflikten.

– Ikkje mogleg å tvinga lærarane

I dag er læraren bunden til å vera på skulen i 33 (barnetrinn), 31 (ungdomstrinn) og 29 (vidaregåande) timar i veka.

– Det var ikkje mogleg å tvinga lærarane til å vera meir til stades på skulen. På dette punket har dei nådd fram, seier politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Norsk Lektorlag og Musikernes fellesorganisasjon har alle teke ut lærarar i streiken, som starta den 11. juni.

Skolenes landsforbund stadfestar i ei pressemelding måndag morgon at dei avbryt streiken etter at KS har gitt seg på kravet om meir bunden arbeidstid for lærarane.

«Avtalen som ligg på bordet no er betydeleg betre enn den me sa nei til i mai, spesielt på arbeidstid der KS har blitt tvinga til retrett. Me er likevel ikkje heilt nøgde og meiner at avtalen er dårlegare på nokre punkt målt opp mot dagens avtale. Ut frå ei total vurdering har me likevel konkludert med eit ja til avtalen og har meint at det er viktig at lærarorganisasjonane no står saman», skriv forbundsleiar Anne Finborud i ei pressemelding.

Rundt 8000 lærarar var i streik fram til mandagens gjennombrot. Over 100.000 elevar ved meir enn 200 skular har vore råka av streiken.

Disse lærerne streiket

Organisasjon

Antall streikende inntil 1. september

Antall streikende som skulle tas ut fra 1. september

Antall streikende som skulle tas ut fra 2. september

Sum

7943

8077

8927

Utdanningsforbundet

7700

7700

8550

Skolenes landsforbund

84

161

161

Norsk lektorlag

31

42

42

Musikernes fellesorganisasjon

128

174

174

AKTUELT NÅ