Hopp til innhold

Ruster opp til atomvåpenkamp i Stortinget

I dag legg SV, Venstre og Senterpartiet at Stortinget fram eit forslag i Stortinget om at Noreg skal jobbe for eit atomvåpenforbod. – Klart brot med Nato, svarer regjeringa.

Bård Vegard Solhjell (SV) møter Bård Glad Pedersen (H) til debatt.

Bård Glad Pedersen (H), statssekretær i utanriksdepartementet, og Bård Vegar Solhjell (SV) er ueinige om Noregs anti-atomvåpenarbeid.

Dei tre opposisjonspartia har saman kome med eit forslag, der dei tek til orde for at Noreg må gå føre i kampen mot atomvåpen, nett slik Austerrike gjorde i fjor då dei vedtok å arbeide for å «stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen».

En prøvesprengning av et atomvåpen i Nevadaørkenen i 1957.

Det er gjennomført fleire atomprøvesprengingar. Her frå Nevadaørkenen i USA.

Foto: US Government

– Mest grufulle våpenet

Også KrF og Arbeidarpartiet har stilt seg positive til forslaget som vert lagt fram i Stortinget klokka ti i dag.

– Atomvåpen er det mest grufulle våpenet som verda har funne opp, med katastrofale humanitære konsekvensar om det vert brukt, sa Bård Vegar Solhjell i dagens Politisk Kvarter.

Han viser til at det allereie finst forbod mot andre masseøydeleggingsvåpen, som biologiske og kjemiske våpen, men ikkje atomvåpen.

Han meiner Noreg er ein naturleg leiar i arbeidet for eit atomvåpenforbod.

– For nokre år sidan sette Noreg i gang eit internasjonalt initiativ for å klargjere kor farleg bruken er. No er det mange statar som har slutta seg til eit arbeid for eit forbod, seier SV-nestleiaren.

NEI TIL INDIA

Kampen mot atomvåpen går langt tilbake i tid. Her frå ein demonstrasjon utanfor Indias ambassade i Oslo i 1998. Dei ville vise motstand mot indisk prøvesprenging av atomvåpen.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– I strid med Natos strategi

Statssekretær i utanriksdepartementet, Bård Glad Pedersen, er einig med Solhjell om at det er behov for eit forbod mot atomvåpen, men regjeringa meiner forslaget frå dei tre opposisjonspartia bryt med Nato sin strategi.

– Natos strategiske konsept seier at så lenge det finst atomvåpen i verda, så må også Nato ha atomvåpen. Det trur eg er fornuftig, nettopp fordi konsekvensane av atomvåpen er så stor at ein kan ikkje tillate at andre har det, om ikkje også Nato har det, seier Pedersen.

Han seier at eit forbod ikkje vil nokon effekt på dei landa som i dag undergraver ei nedrusting, og at det i verste fall kan skje at atomvåpen spreier seg til terrorgrupper.

– Kan fint bryte med Nato

Bård Vegar Solhjell er ikkje einig i at forslaget er i strid med Noregs medlemskap i Nato, eit medlemskap som SV er mot.

– Det er ingen juridiske eller politiske bindingar knytt til Nato-medlemsskapet. Og om det er slik at Noreg ikkje kan arbeide for noko internasjonalt fordi me er medlem av Nato, så trur eg det er mange som kjem til å lure litt, seier Solhjell.

Pedersen held fast ved at forslaget som i dag vert lagt fram bryt med Nato-strategien.

– Eg meiner det vil vere heilt gale, i dagens situasjon, å sende eit signal om at me ikkje vil stå saman med Nato i dei utfordringane som me står framfor, seier statssekretæren.

AKTUELT NÅ