Hopp til innhold

Røde Kors: – Uforsvarlege forhold på Tøyen-mottak

Røde Kors har varsla at dei trekkjer ut sine frivillige frå flyktningmottaket på Best Western-hotellet på Tøyen i Oslo. Årsaka er at UDI vil auke talet på bebuarar frå 250 til 500.

tøyen mottak

Røde Kors er ikkje nøgd med forholda ved mottaket på Tøyen og vil trekkje ut sine frivillige.

Foto: Sofie Gran Aspunvik

Kommunikasjons- og marknadsdirektør Øistein Mjærum i Røde Kors seier til NRK at Røde Kors har hatt ein avtale med Utlendingsdirektoratet (UDI) om at frivillige frå organisasjonen skal vere til stades på dette mottaket, og at dei var samde om at det maks forsvarlege var at 250 flyktningar skulle opphalde seg der.

– No har UDI avgjort at dei skal doble dette talet til 500. Sidan alle først og fremst skal opphalde seg i ein garasje, så er vi sterkt uroa over korleis desse flyktningane blir behandla. Vi kan ikkje la oss presse inn i ein situasjon som vi ser på som uforsvarleg og kaotisk. I kveld og i natt blir Røde Kors til stades ved mottaket berre med tilsette, seier Øistein Mjærum.

– Utrygt for dei frivillige

Han er oppteken av tryggleiken til dei frivillige i denne situasjonen.

Han fortel at det er ei varierande gruppe med frivillige som har arbeidd ved mottaket på Tøyen, men som oftast er det mellom fem og ti personar. Dei er der for å vere omsorgspersonar, seier han, men opplever at det på grunn av ein kaotisk situasjon blir sette til oppgåver Røde Kors meiner er hotellet og UDI sitt ansvar.

– Det verkar på oss som om mottaksapparatet er ute av kontroll, ikkje berre i Oslo, men over heile landet. Det er ei elendig koordinering mellom dei ulike etatane som har ansvar, og vi fryktar at det går ut over helse og grunnleggjande humanitære behov hos dei flyktningane som no kjem til Noreg, seier Mjærum.

Røde Kors har inntrykk av at flyktningane ikkje får nok mat og svevn, og dei får heller ikkje informasjon om kva som skal skje vidare.

Røde Kors vurderer å trekke ut sine frivillige

Måtte sove på bakken - hotellrom sto ledig tre minutter unna

– Må setje grenser

– Vi ynskjer først og fremst å vere til stades for å kunne hjelpe på best mogleg måte, men vi må også setje grenser i forhold til kva vi meiner er forsvarleg. Vi må tenkje på tryggleiken til våre frivillige, seier han.

Mjærum fortel at Røde Kors er i dialog med UDI, og at dei forstår at det er ein krevjande situasjon for dei. Han håpar på at det skal vere mogleg å kome fram til ei snarleg løysing.

– Vi er glade for at dei jobbar på spreng for å gi desse menneska ei seng å sove i, men vi meiner at dette må handterast på ein langt betre måte enn det som blir gjort i dag, forklarar han.

UDI kunne ikkje kommentere denne saka torsdag kveld.

Norsk brannvernforening: Frykter branner ved norske mottak

AKTUELT NÅ