Hopp til innhold

Reinseanlegget på Mongstad blir nedlagt

Regjeringa har bestemt å avslutte prosjektet med fullskala-reinsing på Mongstad innan januar 2014. Miljøvernorganisasjonane rasar mot avgjerda.

Borten Moe og Solhjell

LEGG NED: Olje- og energiminister Ola Borten Moe og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell annonserte fredag at fullskala-reinseanlegget på Mongstad blir nedlagt.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Regjeringa har bestemt å avslutte prosjektet med fullskala reinsing på Mongstad innan 1. januar 2014, seier olje- og energiminister Ola Borten Moe på ein pressekonferanse fredag.

Det blei for dyrt

– Kostnadane blei høgare, og prosjektet blei meir usikkert, difor var det rett av regjeringa å sjå på dette no, held Borten Moe fram.

– Mongstad er eitt av verdas største og mest avanserte testsenter. Fram til no har regjeringa brukt 1,2 milliardar kronar på fullskala CO2-lagring på Mongstad, og satsinga der vil vere viktig for andre prosjekt både her i Noreg og elles i verda.

Han legg til at regjeringa vil ha eit reinseanlegg oppe og gå innan 2020.

Vi har ei målsetjing om å få på plass eit fullskalaanlegg for CO2-reinsing innan utgangen av 2020, seier Borten Moe.

Sjå video der Borten Moe forklarar kvifor dei stengjer reinseanlegget:

Oljeminister Ola Borten Moe forklarer hvorfor regjeringa har bestemt seg for å stenge Mongstad-anlegget.

Oljeministeren forklarer Mongstad-stenging

– Mongstad kan brukast til «andre ting»

Men Borten Moe avviser at regjeringa har senka ambisjonsnivået når det gjeld CO2-reinsing.

– Vi held ambisjonsnivået oppe ved å tilføre Mongstad testsenter auka midlar. Det blir ei utvikling av fagmiljøet og vi vil kunne teste endå fleire teknologiar her på senteret, seier Borten Moe.

Mongstad

Planane om eit fullskala reinseanlegg for CO2 på Mongstad blir skrinlagt.

Foto: StatoilHydro / N.N.

Det vil framleis bli satsa på testing på Mongstad, men prosjektet med det fullskala reinseanlegget blir avslutta, stadfestar miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

– Testanlegget på Mongstad er unikt på verdsbasis. Det har kapasitet til å teste fleire teknologiar, og kan brukast til mange forskjellige ting. Regjeringa vil auke innsatsen på teknologisenteret, og auke bevillingane til forsking på C02-fangst og lagring, seier Solhjell.

– Vi foreslår ein auke i bevillinga med 200 millionar kroner over 2 år. Så vil vi etablere eit C02-handteringsprogram for utvikling av fullskalaprosjekt i Noreg. Vi vil sikre økonomiske og andre rammevilkår som kan utløyse minst eitt slikt prosjekt, held Solhjell fram.

Stoltenberg: Viktigast å utvikle ny teknologi

– Reinseprosjektet har vist seg å vere dyrare enn vi la til grunn, difor satsar vi på andre prosjekt, er Jens Stoltenberg sin kommentar. .

– Vi hadde alle ønskt at vi skulle få på plass med fullskala-reinsing, men det viktigaste var å utvikle ny teknologi, noko vi er i full gang med, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Høyr radiointervjuet her:

: Intervju med Jens Stoltenberg om Mongstad

Intervju med Jens Stoltenberg om Mongstad

Kostbar «månelanding»

CO2-reinseprosjektet på Mongstad er omtalt som Jens Stoltenberg si «månelanding».

Både Stoltenberg og regjeringa har lagt stor prestisje i Mongstad-anlegget, og i 2007 gjekk statsministeren ut og lovde at Mongstad ville bli fullreinsa i 2014.

I femårsperioden 2007–2012 har staten samla brukt 7,4 milliardar kroner på CO2-handteringsprosjekta på Kårstø og Mongstad.

Statsminister Jens Stoltenberg brukte sin nyttårstale i 2006 til å samanlikne prosjektet på Mongstad som amerikanarane si månelanding på 70-talet.

Sjå talen her:

Jens Stoltenbergs nyttårstale for 2007.

Stoltenbergs nyttårstale 31.12.2006

Riksrevisjonen påpeika tidlegare i september at kostnadane inneber ein fare for at nytteverdien ikkje vil stå i forhold til den økonomiske innsatsen.

Det er Statoil som er prosjektleiar og leiar for styringskomiteen for CO2-reinseanlegget på Mongstad, men staten dekkjer alle kostnader.

– Avgjerda kjem som ein del av arbeidet med statsbudsjettet. Det har sete langt inne for regjeringa. Vi meiner det er riktig å gå ut med avgjerda så fort som mogleg, seier Olje- og energiminister Ola Borten Moe.

Natur og Ungdom: Steng ned skiten

Silje Lundberg

Forutsetnadane for gasskraftverket er vekke, seier leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg.

Foto: Jo Straube

– Mange vil sikkert kritisere regjeringa sitt mål og gjennomføring, men det vi ikkje kan bli kritisert for er å vere ambisiøse for å løyse vår tids største problem, seier Borten Moe.

Natur og Ungdom var raskt ute med å kritisere.

– Det er heilt hårreisande at regjeringa sin klimapolitikk er så tafatt at dei framleis let gasskraftverket leve. Det er på tide å stenge ned skiten, s seier leiar i Natur og Ungdom, Silje Lundberg.

– I dag har regjeringa brote alle forutsetnadene for konsesjonen på Mongstad. Når dei skrinlegg alle reinseplanane burde det vere opplagt at konsesjonen til gasskraftverket må trekkjast tilbake, seier NU-leiaren.

– Skulle aldri vore bygd utan reinsing

Ho får støtte frå leiar Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, som meiner gasskraftverket må leggjast ned når reinseplanane blir lagt vekk.

– Dette er utslepp som må vekk dersom vi meiner alvor med å kutte klimautsleppa. Dersom gasskraftverket ikkje blir lagt ned eller andre utslepp blir redusert tilsvarande, fryktar vi at heile klimaforliket står i fare, seier Haltbrekken.

Han meiner gasskraftverket aldri skulle vore bygd utan reinsing.

– Naturvernforbundet kritiserte avtalen som regjeringa gjekk inn i med Statoil frå første stund. Det skulle aldri ha blitt gitt løyve til eit gasskraftverk utan reinsing frå første dag. Dessverre fekk vi rett, seier Haltbrekken.

– Åtte tapte klimaår

Fredric Hauge

Bellona-leiar Frederic Hauge er nådelaus i kritikken mot regjeringa si avgjerd i dag.

Foto: NRK

Også miljøorganisasjonen Bellona reagerer på regjeringa si annonsering fredag ettermiddag.

– Vi har blitt frykteleg lurt av denne regjeringa. Denne dagen vil stå som eit symbol på regjeringa si inkompetanse på klimateknologi. Det kjem for alltid til å kvile ein merkelapp med skrifta åtte tapte klimaår, på den raudgrøne regjeringa, seier Bellona- leiar Frederic Hauge.

Hauge er nådelaus i kritikken, og seier dette er ein av dei styggaste politiske krasjlandingane vi nokon gong har sett.

– Regjeringa har vist null evne eller vilje til å ta styringa på Mongstad-prosjektet. Dette gjer at nesten alle pengane på Mongstad er vekkasta, i staden for berre halvparten, held han fram.

– Dette er Ola Borten Moe si siste helsing til miljøet. Først har han styrt prosjektet dårleg at det har blitt store overskridingar, deretter brukar han den elendige styringa som eit argumenet for å droppe prosjektet, seier Hauge.

AKTUELT NÅ