Hopp til innhold

Rapport avslører: Naudsentralane er for små og sårbare

Naudsentralar som ikkje klarer å samarbeide, og som har for liten kapasitet ved store hendingar. Slik blir norsk naudmeldeteneste skildra i rapport. Konklusjon: Det hastar med å gjere noko.

Operasjonssentralen

HASTER: I rapporten frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt står det:«For å ivareta brukernes tillit til tjenesten må det iverksettes tiltak nå».

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Det hastar også når du ringer 110, 112 eller 113. Då kjem du til ein av landets 63 naudsentralar som skal hjelpe deg når liv, helse og verdiar står på spel.

I dei fleste tilfelle fungerer naudmeldetenesta bra, ifølgje ein rapport frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt, men sentralane er ikkje godt nok rusta til å takle dei store krisene:

«Tjenesten er sårbar og har for liten kapasitet til å håndtere store uforutsette hendelser».

«Betydelig forbedringspotensial»

Førre veke publiserte NRK lydloggar frå handteringa av trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal. Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde fekk kritikk av fylkeslegen og DSB fordi dei gjorde alvorlege varslingsfeil i handteringa av hendinga.

AMK-sentralen fekk mellom anna melding om terror, kapra buss og om mange drepne, men denne informasjonen blei aldri varsla vidare til dei to andre naudsentralane.

Rapporten frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt vart lagt fram for Justis- og beredskapsdepartementet i mindten av desember i fjor.

I rapporten står det mellom anna at det finst «eksempler på hvor håndteringen av hendelser går galt» og at det er dokumentert at «nødmeldingstjenesten kan forbedres på en rekke områder».

Rapporten slår også fast at det er eit «betydelig forbedringspotensial».

«Det haster»

Ifølgje rapporten frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt hastar det å gjere naudsentralane betre.

Anne Rygh Pedersen

Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB meiner alle dei tre nødetatane må samlokaliserast.

Foto: Simon Solheim / NRK

«Utredningen som er gjennomført av Nasjonalt nødmeldingsprosjekt viser at forbedringstiltakene må iverksettets nå», heter det. Det står også:

  • «Det haster å bygge robusthet i norsk nødmeldingstjeneste»
  • «Dagens nødmeldingstjeneste klarer ikke å ivareta godt nok samvirket mellom nødetatene»

Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) uttalte førre veke at nødetatane for små og for sårbare, og at dei ofte er for dårlege til å varsle kvarandre. Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB meiner samlokalisering av naudsentralane vil gjere situasjonen betre.

Det er også tilrådinga frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt: «I forbindelse med etablering av nye politidistrikt anbefales det å samlokalisere politiets operasjonssentraler og 110-sentralene».I Nærpolitireformen blir det lagt opp til at sentralane til politi og brann skal samlokaliserast og ha ansvar for same geografiske område, men AMK-sentralane er ikkje med i dette prosjektet.

I rapporten frå Nasjonalt nødmeldingsprosjekt står det også: «For å ivareta brukernes tillit til tjenesten må det iverksettes tiltak nå».

Helse må vente

Statssekretær Gjermund Hagesæter i Justis- og beredskapsdepartementet er klar på at samlokaliseringa er vedtatt av Stortinget og at det ligg ei klar forventning om at det skal gjennomførast samlokalisering på ein til tre stader i 2016.

«Nødmeldingssentralene til politiet og brannvesenet skal samlokaliseres i samme bygg slik at de dekker de samme geografiske områdene. Det skal videre legges til rette for at AMK skal kunne flytte inn på et senere tidspunkt. Grunnen til at helse ikke er med fra starten av er et behov for å bedre utrede den optimale organiseringen av medisinsk nødmeldetjeneste», skriv Hagesæter i ein epost til NRK

Sjå tidslinje og høyr lydloggar frå handteringa av trippeldrapet i Årdal:

Laster innhold, vennligst vent..

AKTUELT NÅ