Video PST vil drive meir overvaking - Foto: Nyhetsspiller /

KLIKK FOR VIDEO: Nettdebattantar er blant dei Antirasistisk Senter vil ha auka fokus på, blant anna ved hjelp av overvaking.

PST vil diskutere meir overvaking

Dei får støtte av Antirasistisk Senter, som vil innføre politisk overvaking på nytt i Noreg.

Dei tilsette i Politiets Overvakingsteneste (PST) ønskjer ein debatt om dei skal få lov til å overvake breiare enn det lovverket opnar for i dag.

Dei PST-tilsette får støtte frå Antirasistisk Senter, som meiner PST bør kunne drive politisk overvaking av fleire miljø, sjølv om det ikkje er konkret mistanke om vald.

Kari Helene Partapouli - Kari Partapouli i Antirasistisk senter vil innføre politisk overvaking på nytt i Noreg. - Foto: NRK /

Kari Partapouli i Antirasistisk senter vil innføre politisk overvaking på nytt i Noreg.

Foto: NRK
Held auge med nettet

Antirasistisk senter har følgt nettdebatten tett i tida etter 22. juli. Dei finn mykje støtte til Breivik på nettet, blant anna på nettstaden nordisk.nu.

– Her er det mykje oppfordring til vald, men også mykje støtte til Breivik, seier leiar Kari Partapouli.

I ein ny rapport ønskjer dei at PST skal ha auka myndigheit til å overvake brukarane bak slike nettstadar. I dag kan ein nemleg berre registrere personar som har truga til vald.

– Eg meiner at det ikkje nødvendigvis bør vere slik at ein må seie ting som «jødar må døy», men at det bør vere høve til å gå inn å overvake før ein når til det punktet, seier Partapouli.

– Men det er jo politisk overvaking?

– Det er ikkje politisk overvaking i den forstand at det politiske feltet i Noreg vert overvaka.

– Men ein blir overvaka basert på ein politisk ståstad?

– Ein politisk ståstad som har eit valdspotensial, svarar Partapouli.

Betent historie

Politisk overvaking har ein betent historie. På 1970-talet dreiv dåverande overvakingspoliti omfattande registrering av den politiske venstresida. I dagens overvakingsinstruks er det difor uttrykkjeleg forbode å overvake nokon berre med utgangspunkt i politiske meiningar.

Lasse Roen - Lasse Roen ved Politiets Fellesforbund ønskjer debatt om auka overvaking. - Foto: NRK /

Lasse Roen ved Politiets Fellesforbund ønskjer debatt om auka overvaking.

Foto: NRK

Men hovudtillitsvald for dei PST-tilsette, Lasse Roen, meiner samfunnet må ta denne debatten på nytt etter terroråtaket 22. juli i fjor.

– Me treng ein brei og grundig debatt om alle sider ved vår verksemd. Me ser at det er uttrykte forventningar til oss frå ulike sider som me ser at me ikkje klarar å oppfylle.

– Er det på tide å tenkje annleis etter 22. juli?

– Det er då me frå stilt dei grunnleggjande verdiane våre på prøve. Eg har ikkje fasiten, eg har ikkje eit klart svar på det, men at det bør bli ein debatt på alle sider av dette er eg sikker på.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)