Hopp til innhold

Politirapport: Kom over 58 moglege offer i Lime-saka

I eit ferskt politidokument kjem det fram at politiet tok med seg 58 moglege offer for menneskehandel – i saka som blir skildra som ei av noregshistorias mest omfattande. – Det er veldig mange som er brukt og misbrukt, seier toppleiinga i politiet.

Politiaksjon mot Lime i Oslo

STORAKSJON: 280 tenestepersonar deltok i politiaksjonen mot Lime i fjor. 21 personar vart arresterte.

Foto: Simon Solheim / NRK

29 butikkar og 20 privatadressar blei ransaka, det blei gjort 1200 beslag og 21 personar vart arresterte.

I tillegg blei det bringa inn «58 fornærmede/mulige ofre for menneskehandel», ifølgje politirapporten som NRK har fått tilgang til. Etterforskinga skal så langt ha avdekka at minst ti av dei 58 er reelle offer for menneskehandel.

– Det er det mest alvorlege i denne saka – det å utnytte menneske og å krenke den personlege integriteten deira. Det einaste som er verre er drap og seksuelle overgrep, seier assisterande politidirektør Vidar Refvik til NRK.

280 tenestemenn i aksjon

Lime-saka er framleis under etterforsking, så difor kan ikkje Refvik gå inn og kommentere detaljane i saka.

– Dette er ei av dei største og mest alvorlege sakene eg kan huske. Det å hente menneske til landet på falske føresetnader og å utnytte dei på det grovaste, er noko vi ser svært alvorleg på, seier han.

Vidar Refvik

Vidar Refvik er ass. politidirektør og sjef for Samordningsorganet.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Slik kriminalitet er også svært skadeleg for samfunnet, det har ein betydeleg negativ innverknad på konkurransen i marknaden og det øydelegg for dei som driv seriøst. Det er vanvitig øydeleggjande, seier Refvik.

280 tenestepersonar deltok i aksjonen mot Lime i september i fjor. Saka omfattar etterforsking av:

  • Menneskehandel
  • Bedrageri
  • Skattekriminalitet
  • NAV-bedrageri
  • Heleri
  • Momsbedrageri
  • Anna økonomisk kriminalitet

Etterforskinga er knytt til det politiet kallar eit organisert miljø rundt eigaren av daglegvarekjeda. Alle dei 21 som vart arresterte er sikta i saka, men ingen vedgår straffskuld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politiets beslagrom og pengebeslag i Lime-saken

VIKTIGE BESLAG: Politiet har gjort fleire viktige beslag i Lime-saka. Til venstre: Bilete av beslagsrommet på Lillestrøm politistasjon. Til høgre: Store kontantbeløp som er funne i ein av leilegheitene til ein av dei sikta.

Foto: Politiet

– Dette nettverket skulle vi knuse

Politiet brukte i fleire månader skjulte etterforskingsmetodar, som telefonavlytting, overvaking og spaning.

– Vi var ikkje i tvil då vi fekk vite kva som gjekk føre seg: Dette nettverket skulle vi knuse. Det var viktig for oss, seier Refvik.

– Skjulte etterforskingsmetodar var avgjerande for oss, seier han vidare.

Refvik er leiar for Samordningsorganet i politiet, som har ansvar for organisert og alvorleg kriminalitet som går på tvers av fleire politidistrikt.

Organet gav fleire millionar kroner i støtte til Lime-etterforskinga i fjor. Refvik varslar fleire aksjonar:

– Det er ikkje fritt fram. Slike aksjonar har ein viktig signaleffekt. Det vil komme fleire aksjonar, det er intensjonen, for kriminalitet i arbeidsmarknaden er dessverre noko som er veldig utbreitt. Den illegale marknaden er stor. Vi vil ta ut fleire nettverk, seier Refvik.

AKTUELT NÅ