Hopp til innhold

Politiet forventar at mulla Krekar reiser i løpet av få dagar

POLITIHUSET OSLO (NRK) Politiet seier dei ikkje kjem til å arrestere mulla Krekar umiddelbart. Dei forventar at han reiser til Kyrksæterøra i løpet av få dagar.

Politiadvokat Vegard Rødås hilser på mulla Krekar

Politiadvokat Vegard Rødås helsar på mulla Krekar før tvangsflyttinga til Kyrksæterøra vart behandla i Oslo tingrett førre veke.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Politiet i Oslo er nøgde med å ha fått medhald i retten, og at avgjerda om å tvangsflytte mulla Krekar til Kyrksæterøra. For dei er det viktig at dei på ein enklare måte kan hindre at Krekar får fysiske besøk av folk som søkjer råd frå Krekar.

– Det er viktig at han ikkje treff folk han kan inspirere, og det er det enklare å kontrollere når han oppheld seg på ein så gjennomsiktig stad som Kyrksæterøra, seier politiinspektør Vegard Rødås i Oslo politidistrikt.

Rødås seier at dei ventar at avgjerda vert sett i verk. Politiet vil no møte Krekar direkte for å snakke med han om avgjerda.

– Reint praktisk må vi snakke med han direkte og forklare han korleis vi vil ha dette framover. Men i løpet av nokre dagar så forventar vi nok at Krekar innfinn seg der oppe, fortel Rødås.

Saka held fram under biletet

Politiinspektør Vegard Rødås i Oslo politidistrikt

Politiinspektør Vegard Rødås seier at politiet forventar at mulla Krekar flyttar i løpet av få dagar.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Krekar bør flytte før ein eventuell anke

Krekar sin advokat, Brynjar Meling, seier at dei vil anke avgjerda frå tingretten. Når anken er komen inn, vil Oslo tingrett ta stilling til om flyttinga av mulla Krekar skal vente på ei behandling i høgare rettsinstans.

Politiadvokat Rødås seier at dei ventar på svar frå lagmannsretten om når dei kan ta stilling til anken.

– Men dersom det går nokre dagar før anken er i hamn, så er det nok naturleg at Krekar flyttar medan han ventar på at anken skal kome opp i lagmannsretten.

Politiet er villige til å bruke tvang

Kva skjer dersom Krekar nektar å flytte frivillig?

– Då har han brote avgjerda frå tingretten som ei straffeavgjerd. Då har vi i politiet heimel til å transportere mulla Krekar til Kyrksæterøra med tvang, seier politiinspektør Vegard Rødås.

Rødås seier at dei må kome tilbake til når dette eventuelt vil vere aktuelt. Først må dei vente på ein eventuell anke.

Saka vert oppdatert.

AKTUELT NÅ