Hopp til innhold

Offer for katolsk medlemsjuks:– Skummelt og trist

I årevis fekk brasilianske Guilherme Curty medlemsblad frå den katolske kyrkja i Noreg utan å forstå kvifor. Då Curty nyleg såg medieoppslag om medlemsjuks, fall brikkene på plass.

Guilherme Curty

Den katolske kyrkja i Noreg har i årevis fått statleg støtte for medlemer som dei har registrert utan samtykke. Ein av dei er brasilianske Guilherme Curty. No har han fått brev frå Oslo bispedøme der dei ber han melda frå om han ønskjer å vera medlem eller ikkje.

Foto: Privat

– Då forstod eg at eg er ein av ganske mange som har blitt ufrivillig innmelde i den katolske kyrkja. Det var litt skummelt og trist å få veta at Den katolske kyrkja gjorde det utan å spørja. Det var feil, seier brasilianske Curty til NRK.

Også kona hans frå Litauen skal vera offer for medlemsjukset.

Torsdag blei det kjent at biskopen Bernt Eidsvig og økonomisjefen i Oslo bispedøme er sikta for grovt bedrageri eller medvirkning til grovt bedrageri av 50 millionar kroner for medlemsjuks.

– Følte meg nesten litt overvaka

Biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kirke

Biskop Bernt Eidsvik i Oslo bispedøme er sikta for å ha juksa til seg 50 millionar kroner i offentleg støtte ved ulovleg medlemsregistrering.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

I likskap med dei fleste andre trus- og livssynssamfunn i Noreg får den katolske kyrkja eit offentleg tilskot per medlem. Biskopen har innrømt at dei fann katolske innvandrarar i telefonkatalogen, søkte opp personnummeret deira i Folkeregisteret og melde dei inn utan å spørja.

Så mange som 67.000 av den katolske kyrkja sine medlemer kan, som Curty, ha blitt registrerte ulovleg.

Curty er døypt i den katolske kyrkja i Brasil, der om lag 60 prosent av folkesetnaden er katolikkar. Som vaksen oppfattar han seg sjølv som kristen, men ikkje som praktiserande katolikk. Likevel begynte han å få det katolske kyrkjebladet «St. Olav» i posten kort tid etter at han flytta til Noreg for sju år sidan.

– Eg syntest det var rart at eg stadig fekk katolske blad i postkassen. Eg forstod ikkje korleis dei hadde funne fram til meg her i Noreg og følte meg nesten litt overvaka. Og korleis kunne dei vera så sikre på at eg var katolikk, berre på bakgrunn av kva land eg kjem frå? spør 30-åringen seg.

Vil melda seg ut

Det er førebels uvisst kor mange som har meldt seg ut etter at medlemsjukset blei kjent, men alle som kan ha blitt registrerte ulovleg skal no ha fått eit informasjonsbrev frå Oslo bispedøme der dei blir bedne om å avkrefta eller stadfesta medlemskapen sitt.

Både Curty og kona hans frå Litauen har fått dette brevet. Dei er begge i tenkeboksen.

– Mest sannsynleg avsluttar eg medlemskapen. Eg dømmer ikkje heile den katolske kyrkja basert på feil som enkeltpersonar har gjort, men eg har tru på at medlemskap skal vera noko ekte, der ein deltar og er aktiv, seier Curty.

AKTUELT NÅ