Observatoriet i Ny-Ålesund - Kartverket får 23,1 millioner kroner i Revidert nasjonalbudsjett til å starte bygging av nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. - Foto: Bjørn-Owe Holmberg /

Kartverket får 23,1 millioner kroner i Revidert nasjonalbudsjett til å starte bygging av nytt geodetisk observatorium i Ny-Ålesund på Svalbard.

Foto: Bjørn-Owe Holmberg

Budsjettet: Nytt observatorium i Ny-Ålesund

Regjeringa løyver 23 millionar kroner til nytt observatorium i Ny-Ålesund på Svalbard. Kartverket sitt planlagde observatorium legg grunnlaget for nøyaktig klimaovervaking i Arktis.

Kartverket si investering i Ny-Ålesund er på i alt 219 millionar kroner.

Før jul gav regjeringa klarsignal til at observatoriet skal byggjast. Når regjeringa no følgjer opp med å løyve 23 millionar kroner av dette, er klarsignalet gitt til at arbeidet kan setjast i gang.

Antennene i det eksisterande observatoriet er gått ut på dato. Nye antenner med ny teknologi skal sørgje for langt betre jordobservasjon.

– Presise målingar ligg til grunn for alt Kartverket gjer. Vi vil no få ei nøkkelrolle i det globale nettverket av tilsvarende observatorium, seier kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup.

LES OGSÅ: Klimaovervaking i Arktis i fare

– Mer nøyaktige målinger

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell er godt kjend med at observatoriet må moderniserast.

– Eg besøkte sjølv observatoriet i mars og er klar over at det treng oppgradering. Ny teknologi og kombinasjonen av fleire måleteknikkar vil gje meir nøyaktige målingar, og det er bl.a. viktig for det verdsomspennande observasjons- og forskingsnettverket som Kartverket sitt anlegg er ein del av, seier Solhjell.

LES OGSÅ: Oljeutslipp i russisk Arktis

LES OGSÅ: Varsler alvorlige klimafølger

Internasjonalt press

NASA og fleire andre internasjonale samarbeidspartnerar har sterkt oppfordra norske styresmakter få fortgang arbeidet med å modernisere observatoriet.

Også politikarane på Stortinget har engasjert seg i saka.

Ein ny fiberoptisk kabel mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen, som regjeringa alt har løyvd pengar til, vil føre til at data kan utvekslast langt raskare enn før, både med NASA og andre samarbeidspartnerar.

LES OGSÅ: – Media overdriver konflikten i nord

LES OGSÅ: Kina og Island vil samarbeide om Arktis