Hopp til innhold

Nytt hopp for Ap – no lagar Støre kapringsplan

Arbeiderpartiet får nesten dobbel så stor oppslutnad som Høgre, i NRKs ferske valmåling. Jonas Gahr Støre frir no til sentrumspartia for å vinne valet i dei største kommunane.

Jonas Gahr Støre ankommer minnegudstjeneste juli 2014

HAR EIN PLAN: Leiar i Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, har ein plan før lokalvalet i september. Han vil kapre sentrumspartia frå Høgre og Frp.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

RETTING: Grunna ein feil hos Norstat, er meiningsmålinga feil (16. februar). Les sak her: Talkluss førte til feil i NRK-måling .

Det er 215 dagar til lokalvalet, og Arbeiderpartiet gjer det igjen best i det ferske kommunebarometeret som Norstat har gjennomført for NRK.

Arbeiderpartiet får 38,9 prosent oppslutnad, medan Høgre får 22,3 prosent. Partileiar Jonas Gahr Støre i Arbeiderpartiet ønskjer no å kapre Venstre og KrF, og rive dei laus frå Høgre og Frp.

– Vi klarer ikkje å vinne valet aleine. Vi må søke samarbeid med andre parti, seier Støre til NRK.

Støre: – Klarer ikkje dette aleine

Statsminister Erna Solberg (H)

SKAL SLÅSS: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg lovar kamp mot Støres sin plan.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Kva parti kan det vere?

– Det overlét eg til kandidatane sjølve.

– KrF i Bergen til dømes? Kan det vere aktuelt?

– Det kan det vere, men det veit ein best lokalt. Mitt bodskap er: Vi klarer ikkje dette aleine. Difor må vi no byrje å snakke med folk tidleg.

– Til dømes Venstre?

– Mange stader kan det vere naturleg, seier Støre.

Solberg: – Skal slåss

Statsminister Erna Solberg seier Høgre ser ikkje så alvorleg på situasjonen, men innser at kampen kan bli knallhard.

– Vi skal slåss kvar einaste dag. Det er mykje spenning framover, men eg trur vi kjem til å gjere eit godt lokalval, seier Solberg.

– Er du redd for planane til Jonas Gahr Støre?

– Vi må sørge for å ha både gode vener og gode saker lokalt, svarer Solberg.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Februarmåling Kommune/Storting» i nytt vindu

Måling - mot valget 2011

Parti

Kommunevalget 2011

10. februar 2015

Differanse

Ap

31,7%

38,9%

+7,2

FrP

11,4%

12,4%

+1

H

28%

22,3%

-5,7

KrF

5,6%

5,4%

-0,2

Rødt

1,5%

1,4%

-0,1

Sp

6,7%

6,3%

-0,4

SV

4,1%

4,1%

0,0

V

6,3%

3,5%

-2,8

MDG

0,9%

3,5%

+2,6

Andre

3,8%

2,2%

-1,6

Ekspander/minimer faktaboks

Kilde: Norstat

Jensen: – Godt samarbeid

Frp får 12,4 prosent oppslutnad, fram frå 11,4. Partileiar Siv Jensen meiner partimålinga er hyggeleg lesnad, men at dei må jobbe hardt framover.

– Gode målingar er hyggeleg, spesielt i eit valkampår, seier Jensen som har ambisjonar om å komme i posisjon fleire stader.

– Kva skal Frp gjere for å hindre at Arbeiderpartiet får sentrumspartia over på si side?

– Det er opp til kvart enkelt parti kven dei vil samarbeide med. Eg opplever at vi har eit godt samarbeid med KrF og Venstre, både i Stortinget og ute i kommunane. Klimaet er godt, og vi har ein god samarbeidsavtale, seier Jensen.

Hareide vil ikkje gi føringar

KrF-leiar Knut Arild Hareide seier han ikkje vil gi føringar for kven partiet kan samarbeide med lokalt.

– Det er skilnader frå kommune til kommune. Det er opp til våre politikarar i Bergen, Stavanger, Trondheim, Oslo og i resten av landet å forhandle. Nokre stader samarbeider vi til venstre, andre stader til høgre, seier Hareide.

Måling - mot januarmålingen

Parti

Januar

Februar

Differanse

Ap

36,4%

38,9%

+2,6

FrP

11,5%

12,4%

+0,9

H

23,7%

22,3%

-1,4

KrF

5,4%

5,4%

+0,1

Rødt

1,5%

1,4%

-0,1

Sp

5,8%

6,3%

+0,5

SV

4%

4,1%

+0,1

V

4,9%

3,5%

-1,4

MDG

4,1%

3,5%

-0,6

Andre

2,7%

2,2%

-0,5

Ekspander/minimer faktaboks

Kilde: Norstat

AKTUELT NÅ