Hopp til innhold

Ny norsk forsking kan førebygge hjartestans

Kvart år opplever fleire tusen nordmenn plutseleg hjartestans. Så langt har det ikkje vore nokon god metode for å føresjå alvorleg hjartestans og rytmeforstyrringar. Men no kan norske forskarar ha gjort eit gjennombrot.

Kristina Hermann Haugaa og Thor Edvardsen

Kristina Hermann Haugaa og Thor Edvardsen vurderer resultatet av ein hjartesjekk med den nye metoden.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

– Eg har vore litt tungpusta til tider, men elles i god form.

Birger Tangstad sit i pasientstolen på undersøkingsrommet til Kristina Hermann Haugaa, som er overlege ved kardiologisk avdeling på Oslo Universitetssjukehus, OUS.

Han var ute og gjekk tur, då han heilt utan forvarsel falt om med hjartestans.

Birger Tangstad

Birger Tangstad falt om utan forvarsel då han var ute og gjekk tur. No har han fått operert inn ein hjartestartar, og går til sjekk med jamne mellomrom.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

– Meir hugsar eg ikkje, før eg vakna på fortauet på den andre sia. Eg hadde gått rett på hovudet i trikkeskinna og slått ut framtennene mine. Og bløding på hjernen, seier han.

Tangstad knepper opp den korterma, rutete skjorta si og legg seg på benken slik at Haugaa kan undersøke korleis det står til med hjartet hans.

Sjå korleis det gjekk i videoen nedst i saka.

Haugaa og Tangstad

Birger Tangstad får hjartet sitt sjekka av overlege Kristina Hermann Haugaa på kardiologisk avdeling ved Oslo Universitetssjukehus.

Foto: Tom Arne Søyland / NRK

Eit svart hol for hjartespesialistar

Det var forskingsleiar Thor Edvardsen, leiar ved kardiologisk avdeling ved OUS, som oppdaga den nye metoden i lag med overlege Haugaa.

Edvardsen fortel at det å kunne føresjå alvorleg hjartestans og rytmeforstyrringar, har vore eit svart hol for hjartespesialistar.

– Er det holet no tetta?

– Hadde eg vore amerikanar, ville eg kanskje ordlagt meg på den måten, seier Edvardsen med eit smil.

Men at dette kan hjelpe, det er dei overtydde om.

Sjå video der Edvardsen forklarer korleis metoden fungerer

Thor Edvardsen forklarer korleis undersøkinga fungerer

Undersøker samantrekkinga i hjartemuskel

– Vi oppdaga eit heilt spesielt mønster i samantrekkinga av hjartemuskelen hos dei pasientane som hadde fått hjartestans og overlevd. Dette viste seg å stemme hos veldig mange, seier Edvardsen.

Til no har ein målt hjartet si evne til å pumpe for å utelukke fare.

– Dei som har under 30-35 prosents pumpekapasitet, er i faresonen. Denne metoden kan ein bruke på dei med betre pumpekapasitet som tidlegare ikkje hadde blitt peika ut, men som likevel kan oppleve hjartetrøbbel, fortel Edvardsen.

Dei ser ikkje føre seg å bruke maskina på alle friske menneske.

Men folk som tidlegare har hatt hjarteinfarkt, folk med hjartesjukdom i familien og idrettsutøvarar er naturlege å følge opp.

Ultralydmaskina er utvikla gjennom mange år, av forskarar og ingeniørar, ved rikshospitalet og GE-selskapet Vingmed.

– Kjenner meg bra

Hadde Tangstad blitt undersøkt med den nye maskinen, kunne han kanskje unngått den alvorlege hjarteforstyrringa i oktober i fjor.

Hjartet hans består undersøkinga som Haugaa gjer, og han er glad for at ting ser bra ut. Tangstad har fått operert inn ein hjartestartar som skal hjelpe han dersom det same skjer med han ein gong til.

– No kjenner eg meg trygg og det går for så vidt greitt. Sjølve hjartet fungerer. Det er trygt å ha ein hjartestartar som hjelper til.

Men han ville nok ha vore meir forsiktig dersom han visste at han var i faresonen, fortel han.

Birger Tangstad får svaret på korleis hjartet hans fungerer no.

Birger Tangstad får vite av overlegen at hjartet han ser greitt ut, trass alt.

AKTUELT NÅ