Hopp til innhold

NRK-sjef blir Erna-rådgjevar

Redaksjonssjef i NRKs politiske avdeling, Rune Alstadsæter (40), blir ny seniorrådgjevar ved Statsministerens kontor (SMK).

Rune Alstadsæter går til Statsministerens kontor.

Rune Alstadsæter går frå stillinga som redaksjonssjef i politisk avdeling i NRK til å bli seniorrådgjevar ved Statsministerens kontor.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Bergensaren har jobba i NRK sidan 1999, og han har vore knytt til politisk avdeling sidan midten av 2000. Han har vore reporter, programleiar i Politisk kvarter og seinare programleiar for partileiarutspørjingane før stortingsvalet i 2005.

Sidan har han hatt ulike leiaroppgåver i politisk avdeling. Først som reportasjeleiar og så redaksjonssjef. Utdanningsmessig han har ein master i journalistikk frå Universitet i Cardiff i Wales.

15 år i NRK

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg har rekruttert sin nye pressemedarbeidar frå NRK.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Eg har jobba 15 år i NRK, i faktisk heile mitt vaksne liv. Det har vore fantastiske år, men no er det på tide å prøve noko nytt. Eg ser jobben på SMK som veldig spennande, og for eit politisk interessert menneske er det ein unik sjanse å få jobbe så tett på statsministeren, seier Rune Alstadsæter til NRK.no.

Han blir no ein av fem byråkratar i presseeininga på Statsministerens kontor. I tillegg er det også eit par som jobbar med presse også i politisk avdeling.

Rune Alstadsæter, som er gift tobarnsfar med det tredje barnet på veg, gler seg til å starte i jobben på SMK.

– Ein glitrande jobb

– Alle statsministrar eg har snakka med i min karriere som politisk journalist har rosa dei som har jobba på SMK. Så eg gler meg til å jobbe med den gjengen der, seier han.

Reportasjeredaktør i NRK, Alexandra Bæverfjord, seier at Rune Alstadsæter har gjort ein glitrande jobb for politisk avdeling i NRK, både som redaksjonsleiar og som redaksjonssjef.

– Eg beklagar at han sluttar, men ynskjer han lukke til med nye oppgåver, seier ho.

LES OGSÅ: Blir Stoltenbergs rådgiver i Brussel

LES OGSÅ: – En krevende innspurt i busjettforhandlingene

AKTUELT NÅ