Avansert matematikk - Norske skoleelever blir stadig bedre i matematikk, men det er likevel et stykke opp til de beste.Colourbox.com

Norske skoleelever blir stadig bedre i matematikk, men det er likevel et stykke opp til de beste.

Foto: Colourbox.com

Trenden snudd - vi har nådd igjen Finland

Her kjem meldinga den norske skulen har lengta etter: Trenden har for alvor snudd. Norske elevar viser framgang i internasjonale testar av matematikk, naturfag og lesing.

Mattekunnskapane er til og med på nivå med den finske skulen, som tidlegare har fått så mykje skryt.

I dag blir funna frå dei to internasjonale undersøkingane Timss og Pirls presenterte . I tillegg til mykje omtalte PISA er det desse undersøkingane som viser korleis den norske skulen gjer det samanlikna med andre land.

Gladmelding

Liv Sissel Grønmo. - Ingen tvil om at trenden er snudd, seier prosjektleiar for Timss-undersøkinga, Liv Sissel Grønmo.UiO

Ingen tvil om at trenden er snudd, seier prosjektleiar for Timss-undersøkinga, Liv Sissel Grønmo.

Foto: UiO

Liv Sissel Grønmo er prosjektleiar for Timss-undersøkinga som kartla norske 4. og 8.-klassingar sitt nivå i matematikk og naturfag våren 2011. Trendane ho ser i resultata er ikkje lenger til å ta feil av.

– No har vi målt norsk framgang i fleire internasjonale studiar, fleire gonger i Timss og også i Pisa. Ja, vi meiner at trenden i skulen har snudd, seier ho til NRK.

Mens vi etter kvart kan kjenne oss trygge på at retninga er riktig her i landet, har våre nordiske naboar grunn til å rynke panna.

– Vi ser at i andre nordiske land, for eksempel Sverige, held nedgangen fram. Dei har ikkje klart å snu trenden. Mens vi no har målt oppgang to gonger, har svenskane målt ny nedgang. Finland, som nesten har blitt halde fram som det internasjonale skuleidealet, har no markert nedgang i matematikk på ungdomstrinnet.

Dermed skårar norske, svenske og finske elevar på ungdomstrinnet i praksis likt når det gjeld matematikkprestasjonar. I naturfag har vi derimot framleis eit stykke fram til dei nordiske naboane, særleg Finland.

Størst framgang av alle

Ein tabell som truleg vil bli hengt opp på norske lærarrom, er tabellen som måler framgang i prestasjonar. Dei internasjonale forskarane har kartlagt kva for land som har vist størst prestasjonsframgang frå undersøkinga i 2003 til den i 2011.

Tabellen som ser på prestasjonane i matematikk på fjerde trinn viser at Noreg med god margin er det landet der nivået på fjerde trinn har gått mest fram. Iran og Slovenia følgjer på plassane bak.

– Det synest vi er veldig bra, men vi må hugse på at vi hadde svake resultat i 2003, seier Grønmo.

– Bevisste val

Ho trur likevel at framgangen faktisk viser resultata av bevisste val.

– Noko av årsaka til framgangen er at vi har fått lagt meir vekt på læring i skulen. Ikkje minst i matematikk som i større grad enn for eksempel engelsk og samfunnsfag er eit fag elevane berre lærer på skulen. Det var i matematikk vi hadde dei største problema for nokre år sidan, og det er der det har kome tiltak, ekstraressursar og ekstra timar. Det trur vi har vore veldig bra.

Også den internasjonale leseundersøkinga Pirls som blir lagt fram i dag viser at Noreg får betalt for satsing på grunnleggjande ferdigheiter, og at norske elevar no gjer det betre.

Framleis berre middelhavsfarar

Men om trenden er gledeleg, så er det grunn til å hugse at norsk skule har forbetra seg frå eit internasjonalt sett skuffande nivå på tidleg 2000-tal. Forskarane som har laga naturfag- og matematikkundersøkinga Timss har kalla rapporten sin «Framgang, men langt fram».

Norske elevar ligg årevis bak skulevinnarane Sør-Korea, Singapore og Japan. Frå eit dårlig nivå har vi no svinga oss opp til å ligge om lag midt på den internasjonale tabellen.

– I 1995 brukte vi vel ordet «middelmåtig». Det er kanskje ikkje ein pen måte å seie det på, men eg trur nok eg vil seie at vi no har ein skule på eit gjennomsnittleg nivå.

LES OGSÅ: Norske skoler igjen på bunnen

LES OGSÅ: Norsk utdanning dårlegast i Skandinavia

LES OGSÅ: Finsk råd: – Dropp nasjonale prøver

LES OGSÅ: Heldagsskole er ikke svaret