Hopp til innhold

Noreg får toppscore i internasjonal velvære-rapport

London (NRK): Noreg ligg, i år som før, på topp i ein rapport som målar velvære og vekst innan berekraftig økonomisk utvikling. Polen merkar seg ut når det gjeld poeng for dagens situasjon og tidlegare framgang.

Douglas Alan Beal

Douglas Alan Beal er partnar og administrerande direktør i Boston Consulting Group.

Foto: Espen Aas / NRK

– Noreg ligg stabilt på topp. Det ville overraske meg om nokon andre tek leiinga neste år, seier Douglas Beal, partnar og administrerande direktør i det globale konsulentselskapet Boston Consulting Group, BCG, når han presenterer rapporten i London.

Dei har samanlikna 149 land ved å sjå på ti forskjellige faktorar som inntekt, utdanning, helse og infrastruktur.

Rapporten er basert på dei siste studiane som BCG gjer på verdsbasis, gjennom å bruke sitt verktøy for å måle berekraftig økonomisk utvikling, SEDA.

SEDA måler land på to måtar: det noverande nivået, og nivået av nyleg framgang i perioden 2006–2013. Ni av dei ti landa som får flest poeng på SEDA-skalaen på noverande velvære er i Vest-Europa. Singapore er det einaste landet på topp ti-lista som ikkje ligg i Europa

Polen best på vekst

Noreg kjem langt ned på lista når konsulentselskapet måler vekst, her må vi sjå oss slått av fleire land, deriblant Rwanda, Brasil og ikkje minst Polen som toppar statistikken.

Douglas A. Beal

Douglas Alan Beal meiner Noreg må finne nye måtar å utvikle seg på, for å halde på topplasseringa.

Foto: Espen Aas / NRK

Ei av utfordringane ved å kome best ut er nemleg å bli der, seier Douglas Beal i Boston Consulting.

– Du har alt den beste poengsummen. Difor må Noreg stadig tenke på nye måtar å halde på velværen, fortel han.

– Har du eit godt helse- og utdanningssystem må ein tenke på andre stader der ein kan forbetre seg. Til dømes miljø, seier Beal.

Den administrerande direktøren i BCG seier at Noreg fell bakover samanlikna med resten av verda. Men det er ikkje fordi Noreg vert dårlegare, men at dei andre landa stadig vert betre.

Pakistan, India og Egypt dårlegast ut

Hakk i hel på Noreg finn vi mange andre vestlege land som Sveits, Tyskland, Frankrike og Canada. I den andre enden av skalaen ligg land som Pakistan, India og Egypt.

Over halvparten av jordas befolkning bur i land som er under gjennomsnittet når vi ser på berekraftig utvikling – forskjellen mellom dei som har det veldig bra og dei som har det dårleg berre aukar.

Dei som scora dårlegast sist, heng no lenger etter – dei som gjorde det bra gjer det enno betre.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger