Det evar eit stort oppbod av væpna politi med hundar i området, så det var tydeleg at politiet tok saka på alvor. Synagogen ligg i Bergstien på St. Hanshaugen i Oslo i eit område med mange bygardar og blokker.
Det var ein person som la igjen bagen og så forlèt staden. Politiet har i kveld snakka med denne personen, og innsatsleiar Torgeir Brenden seier at det var ei naturleg forklaring på kvifor bagen vart lagt der.
Ukjent innhald
Torgeir Brenden vil overfor NRK ikkje gå nærmare inn på kva innhald det var i bagen.
Bombegruppa kom til staden klokka 21.15 og dei gjekk straks i gang med å undersøkje den mystiske bagen.
Forstandar Ervin Kohn i Det Mosaiske Trossamfund seier til NTB at det var ei NOKAS-vakt som varsla politiet etter å ha sett ein mann kome løpande ut ved bygningen overfor synagogen. Mannen hadde med seg ein gjenstand som han la frå seg bak synagogen, seier Kohn.
Fekk ikkje gå heim
Mange som bur i området stod lenge og venta utanfor sperringane. Politiet tok ikkje sjansen på å sleppe dei inn til husværa sine. Dei som var inne i husværa fekk ikkje gå ut.
Politiet bad om at dei som har husvære mot Bergstien at dei trekte vekk frå dei rom og vindauge som vende mot Bergstien. Det gjaldt husvære mellom Geitemyrsveien og Waldemar Thranes gate. Det var ikkje aktuelt å evakuere personar frå området.
Det var klokka 20.15 i kveld at politiet fekk melding om den mistenkjelege gjenstanden ved synagogen.