Hopp til innhold

Mood til USA for å planlegge FN-styrkar til Syria

Den norske generalmajoren Robert Mood reiste i dag til New York for å bidra til planlegginga av FN si observatørstyrke på 300 personar til Syria.

Norsk FN general i Syria

REISER TIL SYRIA: Den norske FN-generalen Robert Mood (t.h.) skal vere ein del av den syriske observatørstyrka på 300 mann. Her saman med FNs spesialutsending til Syria, Kofi Annan.

Foto: DENIS BALIBOUSE / Reuters

Tryggingsrådet i FN vedtok i helga å utvide observatørstyrka i Syria til 300 personar, og det blei spekulert i om norske Robert Mood skal leie denne gruppa.

LES: FN-ja til 300 observatørar i Syria

Det er framleis ikkje avklart om Mood skal leie styrka, som har fått namnet UNSMIS.

Mood skal planlegge utplasseringa

FN-observatørar i Syria

BLIR FLEIRE: FN-observatørane i Syria aukar med 300 personar.

Foto: - / Afp

Men førebuingane og planegginga av styrka går føre seg for fullt etter at tryggingsrådet gav generalsekretær i FN, Ban Ki-moon i oppgåve å vurdere når det er trygt å utplassere dei.

– Rolla hans vil vere å stille si erfaring og kompetanse til disposisjon i den vidare planlegginga fram mot utplasseringa av ein hovdstyrke i Syria, seier Mood sin pressetalsmann Kim Gulbrandsen.

Prosessen er i gang

Førebuingane og planlegginga av FN-styrka til Syria går for fullt.

Ifølgje Gulbrandsen skal det vere mogleg å starte vidare oppbygging med ein gong generalsekretær i FN, Ban Ki-moon meiner forholda ligg til rette for å sende observatørane til Syria.

AKTUELT NÅ