Hopp til innhold

Mobilen din kan avsløre alvorleg augesjukdom

Ein ny app på mobilen kan sjå om du lir av augesjukdom, og kva behandling du treng. Alt du treng er ein smarttelefon. – Slik vil vanlege helsekontrollar bli i framtida, seier forskar Lars Frisén.

øye

AUGEKONTAKT: Berre ved å laste ned ein app, kan du no få svar på om du har ein alvorleg augesjukdom. Appen MultiBit skal få ned ventetida på behandling, gje pasienten raskare svar på prøver, og gje legen betre tid med kvar enkelt pasient.

Foto: MEL EVANS / AP

– Vi har ikkje sjanse til å ta imot alle som skal på kontrollar i framtida, og difor vert det naturleg at slike apper vert ein del av kvardagen, seier professor Lars Frisén ved Sahlgrenska akademin ved Universitetet i Göteborg.

76-åringen har vore lege i ein mannsalder, og starta allereie i 2002 med å forske på korleis ein app kunne hjelpe pasientane hans.

– Det er jo pasientane som veit best korleis dei helst vil ha det, og kva som fungerer for dei i praksis. Gjennom mine pasientar har eg fått verdifull informasjon over lang tid, forklarer augelegen.

For å få redusert synet sitt, fører til nedsett livskvalitet og vedvarande frustrasjon hos dei det gjeld, fortel han.

Sjekkar frå sofaen – resultatet sendt til legen

Christina Winther og Lars Frisén ved Salgrenska ved Universitetet i Göteborg

TAR TID: – Det tek lang tid å få eit produkt som fungerer, seier professor Lars Frisén. Her saman med Christina Winther ved Salgrenska ved Universitetet i Göteborg som akkurat har forsvart doktorgraden sin på emnet.

Foto: Universitetet i Göteborg

Augesjukdomen AMD råkar eldre personar, og er den vanlegaste årsaka til tap av sentralsyn hos eldre i vestlege land. Berre i Sverige vert det oppdaga 11 000 nye tilfelle kvart år, og presset på å få hjelp er stort.

Mange opplever at bokstavar og ord forsvinn, at det vert vanskeleg å kjenn att folk på gata, og at det ein vanlegvis gjer vert meir utfordrande fordi synet er svekka.

– Dei må til lege for å finne ut av kva det er som feiler dei, og om det i det heile teke kan behandlast, seier legen.

Og det er der appen, MultiBit, kjem inn.

– Har pasienten denne sjukdomen, kan legen be pasienten om laste ned appen. Deretter aktiverer legen den, og så kan pasienten kontrollere seg sjølv, heime, utan å måtte bestille ein kontrolltime.

For sjukdomen er kronisk, og krev vedvarande behandling. Spørsmålet er berre kor tid.

Syns-app

TAL: MultiBit-appen har fleire tal pasienten skal sjå. Den som brukar appen fortel kva den ser, og resultatet vert sendt inn til databasen som legen les av.

Foto: Universitetet i Göteborg

– Med appen kan pasienten sjekke sjølv, og data frå undersøkinga vert sendt til kontrollsenteret hos legen som då kan kalle inn til time.

Sjølve kontrollen er enkel. På mobilen kjem det opp ulike tal, og pasienten skal seie kva tal som er på skjermen.

Blir inspirert av ivrige eldre

– Er det endringar i auget sin gule flekk, vil appen oppdage det. Og det i tillegg tidlegare enn andre testar har gjort før, seier Frisén.

Den eldste pasienten som har testa appen, er 88 år. Augelegen meiner eldre er like fullt kapable til å bruke appar som yngre.

– Vi skal ikkje undervurdere dei eldre. Dei er like ivrige som den yngre garde. Mange av pasientane har til og med teke ut eigne resultat og lagt dei inn i excell-ark på datamaskina si, seier han.

Og det er litt av årsaka til at han etter 40 år synest det er like moro å utvikle nye tilbod.

– Det er veldig kjekt å sjå at dei tek så stort ansvar for eiga helse. Dei spør og lurer, og vil ha mest mogleg informasjon.

Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin forska på eldre og e-helse i 2013. Og tala viste at seksti prosent av dei over 67 år hadde erfaring med e-helse. Det var den sjette undersøkinga i sitt slag då, og viste ei stor utvikling frå tidlegare studiar. Det var mellom anna første gong spørsmål om app`ar og digital helseteneste var med.

– Eg er sjølv 76 og blir aldri lei av å forske og lære meg nye ting. Det skjer endringar i samfunnet heile tida, og dei må vere med på, seier Frisén.

Regelmessig bruk av nettbrett og smarttelefoner kan gi plager i øyne og muskulatur.

ENKELT: Ei forsking frå Nasjonalt senter for samhandling og telemedisin i 2013 viser at eldre tek i bruk e-helse.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

Sparer reise og ventetid

Overlege Nils Bull på Haukeland universitetssjukehus seier det er bra at det kjem fleire tilbod til pasientane.

– Det er mange som må reise langt for å komme på ein kontrolltime, kanskje heile dagen. Og vi har alt for mange pasientar i forhold til det vi har kapasitet til. Så kan vi få ned den køen vil det vere bra for alle, seier Bull.

Han fortel at augefaget er svært teknologisk i utgangspunktet, og at det difor er naturleg å ta i bruk ny teknologi, som appar.

Bull kjenner ikkje konkret til MultiBit-appen, men er glad for nyvinningar.

– Ny teknologi gjev nye moglegheiter, og vi brukar jo ikkje berre medisin. Vi har laser, optikk og mykje datateknologi for å behandle pasientane våre.

Fyrverkeriskader

VIL HA Meir: - Kan vi få ned den pasientkøen vil det vere bra for alle, seier overlege Nils Bull ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Mette Anthun / NRK

Jobbar med app nummer 21

Appen, MultiBit, er tilgjengeleg i Storbritannia, Nederland, Sverige og Noreg, men det er ikkje klart kor mange som faktisk nyttar seg av den.

– Den kom på marknaden i haust, og data frå bruken er enno ikkje tilgjengeleg. Men det er klart at det lettar for pasienten å sleppe å kome på kontroll heile tida.

Frisén har 20 appar på samvitet, og er i gong med nummer 21 som skal ta for seg sidesynet. Og han meiner kven som helst kan lage ei skisse til ein app, men at det er mykje verre å få den ut på marknaden.

– Det er krevjande det. Det er eit enormt apparat som står bak denne augeappen. Det kostar enormt med pengar, og vilje. For å lansere denne appen har eit legemiddelfirma vore med. Utan dei hadde den ikkje vore tilgjengeleg.

I tillegg til MultiBit, er det også laga ein annan app, Celego, som enno ikkje er på marknaden.

– Det er uvisst om den kjem på marknaden i det heile. Den er litt annleis ein MultiBit, men har same formål.

Øyebehandling

FÅR NED KØEN:- Bruken av app i helsevesenet er ein god måte å unngå kø for pasientane på, meiner professor Lars Frisén.

Foto: Anne Wirsching / NRK

– Helsevesenet har ikkje sjanse utan

I førre veke forsvarte Christina Winther ved Salgrenska ved Universitetet i Göteborg si doktorgrad om emnet. Ho meiner det er mogleg å få ned ventetida til pasientane ved at fleire tek i bruk appar, skriv forskning.no.

Og Frisén meiner det ikkje finst nokon veg utanom.

– Vi har allereie sprengt kapasitet. Får vi vekk fleire av kontrollane som folk tek hos legen, får vi behandla fleire pasientar. Helsevesenet har ikkje sjanse til å møte utfordringane i framtida om vi ikkje utnyttar oss av det ny teknologi kan gje oss, seier han.

AKTUELT NÅ