Hopp til innhold

Meiner Norsk Tipping har forsynt seg med 1,4 milliardar kroner

28 helseorganisasjonar går no hardt ut mot Norsk Tipping. Dei meiner tippeselskapet urettmessig har forsynt seg med 1,4 milliardar kroner som skulle gått til helsetiltak.

Created by InfoDispatcher

– Dette kan vere i strid med det Stortinget har bestemt, seier advokat og stortingsrepresentant Abid Raja (V).

Han er medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget, og meiner dette er ei sak dei må diskutere nærare.

– Lurer på kor pengane blir av

ExtraStiftelsen, som eig tv-spelet Extra saman med Norsk Tipping, betalar over 90 millionar kroner i året til ei operatørgodtgjersle – ei avgift for å få tilgang til den norske spelmarknaden.

Generalsektretær Hans Christian Lillehagen i ExtraStiftelsen

Generalsekretær Hans Christian Lillehagen i ExtraStiftelsen

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Sidan spelets oppstart i 1996 har ExtraStiftelsen betalt nærare 1,4 milliardar kroner til denne avgifta.

– Vi lurer veldig på kor disse pengane blir av. Vi veit ikkje kva pengane går til. Verken Norsk Tipping eller Kulturdepartementet vil svare sjølv om vi fleire gonger har stilt spørsmål, seier generalsekretær Hans Christian Lillehagen i ExtraStiftelsen.

Operatørgodtgjersla kjem i tillegg til rundt 90 millionar kroner som Norsk Tipping får for drift, marknadsføring, utvikling av Extra-spelet.

Norges Blindeforbund er ein av dei 28 organisasjonane som meiner Norsk Tipping har tatt seg altfor godt betalt.

– Vi meiner dette er urimeleg, seier Sverre Fuglerud, seksjonsleiar i Norges Blindeforbund.

– Vi har protestert fleire gonger

ExtraStiftelsen, med totalt 28 helseorganisasjonar i ryggen, meiner operatørgodtgjersla er i strid med det Stortinget har bestemt. Dei viser til eit stortingsvedtak frå 1997 som seier at ExtraStiftelsen «selv forvaltar overskuddet av spelet».

Men ExtraStifelsen har jo sjølv skrive under på ei kontrakt der ein godtek denne avgifta.

– Vi har protestert mot denne operatørgodtgjersla fleire gonger, men vi når ikkje fram. Sånn er det når ein forheld seg til ein monopolist, seier han.

– Eg er overraska og skuffa over ExtraStiftelsen opptrer på denne måten og sår tvil om det gode avtaleforholdet som har vore over veldig lang tid, seier administrerande direktør i Norsk Tipping, Torbjørn Almlid.

– Eg er overraska og skuffa over ExtraStiftelsen opptrer på denne måten og sår tvil om det gode avtaleforholdet som har vore over veldig lang tid, seier administrerande direktør i Norsk Tipping, Torbjørn Almlid.

Venstre: – Her er det noko muffens

Abid Raja i Venstre har no sendt eit brev til kulturministeren der han ber om svar på kva denne avgifta er for noko.

– Det verkar som om at det er noko muffens i saka, seier Raja.

– Det er veldig alvorleg dersom det viser seg at Stortingets vedtak ikkje har blitt følgt opp. Det er desto meir alvorleg dersom departementet ikkje har hatt oversikt over dette. Difor må vi få statsråden si forklaring, seier Raja.

Vil ha Extra-spelet inn i Norsk Tipping

Kulturminister Thorhild Widvey (H) seier det er den førre regjeringa som må svare på om operatørgodtgjersla er i tråd med det Stortinget har bestemt eller ikkje.

Statsråden ønskjer no å rydde opp i organiseringa rundt tv-spelet Extra.

Kulturdepartementet har sendt ut eit forslag på høyring om å endre lova om spelemiddel slik at det kan gis anledning til at Extra-spelet kjem inn under Norsk Tippings portefølje.

Saka skal fremmast for Stortinget i haust.

Kultirminister Thorhild Widvey vil foreslå å legge Extrastiftelsen inn under Norsk Tipping

Kulturminister Thorhild Widvey vil ha Extra-spelet inn i Norsk Tippings portefølje. (Foto: Bengt Kristiansen)

Regnskap for 2014

Post

Sum

Prosentandel

Premieandel

469 646 055 kr.

49%

Provisjon til kommisjonærane

58 625 331 kr.

6%

Drift, marknadsføring og utvikling til Norsk Tipping

88 934 472 kr.

9%

Operatørgodtgjersle - betaling for adgang til marknaden

93 130 984 kr.

10%

Helseføremål

245 527 140 kr.

26%

Totaltomsetnad:

955 863 982 kr.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger