Hopp til innhold

Medlemsfest i lærarorganisasjonene

Skulekonflikten har ført til sterk medlemsvekst hos skuleorganisasjonane.

Lærerstreik i Bodø

Hovudtariffoppgjer er mobiliserande. Her frå streiken i Bodø.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Det er ein kraftig medlemsauke på eit halvår, meir enn vi nokon gong har hatt, seier Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag.

Gro Elisabeth Paulsen, leder i lektorlaget

Gro Elisabeth Paulsen, leiar i Norsk Lektorlag.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
Solveig Hvidsten Dahl

Solveig Hvidsten Dahl er leiar i Skolelederforbundet.

Foto: NSLF

Ho har sett medlemsmassen vekse frå 4019 til 4531, og forklarar auken med lærarkonflikten.

– Vi har ikkje hatt så sterk vekst nokon gong, det er heilt eksepsjonelt, seier Paulsen.

Skuleleiarane styrkar seg

Skolelederforbundet organiserer blant anna rektorar. Også dei kan glede seg over at skulekonflikten verkar mobiliserande på medlemstalet.

430 nyinnmeldingar og ein nettovekst på 328 medlemmar er vesentleg for eit forbund med rundt 3000 medlemmar.

– Dette er meir enn vi brukar å få i ein slik periode, seier leiar Solveig Hvidsten Dahl til NRK.

– Det er vel nærliggande å tru at lærarkonflikten er ein medverkande årsak. Vi veit at mange av dei som melder seg inn ønskjer å markere at dei har eit leiarperspektiv på jobben sin. Mykje av veksten skuldast nok det.

Også Utdanningsforbundet organiserer skuleleiarar, men Dahl veit ikkje kor mange av dei nye medlemmane som kjem frå konkurrenten.

Les: Slik blir streiken trappet opp
Les: Storstreiken fortsetter – og kan vare lenge

Flest til den største

For sjølv om Utdanningsforbundet tidlegare i år tapte medlemmer, er den også den av organisasjonane som har fått flest nye medlemmar i løpet av året. Men den største lærarorganisasjonen meiner ikkje at veksten i år er ekstraordinær.

– Hovudtariffoppgjer er mobiliserande, mange uorganiserte melder seg inn då, seier pressesjef Nina Hulthin i Utdanningsforbundet.

I vår opplevde Utdanningsforbundet at dei mista 500 medlemmar på fire veker då mange mobiliserte mot leiinga sitt anbefalte forslag til tariffavtale.

Men den avskallinga ser ut til å ha stoppa opp. Frå nyttår til utgangen av juli har Utdanningsforbundet fått 1317 nye medlemmer og er totalt oppe i ein medlemsmasse på 158.774.

– Det er ein oppgang vi forventa, seier Hulthin til NRK.

LO-forbundet Skolenes Landsforbund har også ein mindre medlemsvekst sidan nyttår.

Musikernes fellesorganisasjon har også lærar-medlemmar i streik, men knytter ikkje medlemsauken til skulekonflikten.

Les også: – Feil at norske lærere er mest på skolen

Medlemsutvikling i lærar-organisasjonane

 

Januar

I dag

Auke

Samla medlemsauke: 2463

Utdanningsforbundet

157.457

158.774

1317

Lektorlaget

4019

4531

512

Skolenes landsforbund

6252

6411

159

Skolelederforbundet

2900

3228

328

Musikernes fellesorganisasjon

7686

7833

147

AKTUELT NÅ