Hopp til innhold

MDG krev stans av rekordstort våpensal til Oman

– Forkasteleg, seier Miljøpartiet dei Grøne-talsmann Rasmus Hansson om norske Kongsberg Gruppens våpensal til diktaturet Oman til ein verdi av 3,7 milliardar. No krev MDG og SV at regjeringa annullerer salet.

NASAMS

Det er rakettar av denne typen Kongsberg Gruppen skal selje til Oman. Luftvernsystemet er allereie teke i bruk av Noreg og USA. Miljøpartiet dei Grøne tek no til orde for å kansellere salet til diktaturet Oman.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvarets mediesenter / NTB scanpix

Rasmus Hansson

Rasmus Hansson meiner det er forkasteleg at Noreg sel våpen til ein verdi av 3,7 milliardar til eit diktatur som bryt menneskerettane. Hansson krev at regjeringa kansellerer kontrakten.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix
OMAN/ Soldiers keep watch from an army armoured vehicle after protesters dispersed in the northern industrial town of Sohar in Oman

8,5 prosent av det årlege brutto nasjonalproduktet til Oman går til militæret. No skal landet kjøpe våpen frå Noreg for 3,7 milliardar kroner. Det vil ikkje Miljøpartiet dei Grøne ha noko av.

Foto: JUMANA EL HELOUEH / Reuters

Om du støtter eit diktaturs militære kapasitet, så støtter du det diktaturets kapasitet til å undertrykke folket.

Rasmus Hansson (MDG)

– Stortingsfleirtalet har slått klart fast at Noreg ikkje skal selje våpen til land som utfører brot på menneskerettane. Det er ingen tvil om at Oman gjer det, og regjeringa må gripe inn og annullere denne kontrakten, om ikkje vil MDG fremme forslag om dette i Stortinget, og me reknar med å få fleirtal, seier Hansson.

Han viser til eit utsegn frå februar der eit fleirtal i Stortingets utanriks- og forsvarskomite seier at det er «viktig at sjekklista (for våpeneksport, jour. anm.) blir konsekvent og systematisk brukt, og at regjeringa si risikovurdering fører til at det ikkje vert eksportert våpen til land kor styresmaktene utfører alvorlege menneskerettsbrot».

Våpena skal nyttast til forsvar

Oman er eit diktatur som ligg ytst på den arabiske halvøya. Landet er ikkje del av noko krig, men haustar kritikk for menneskerettsbrot. Mellom anna er dei rangert som «Ikkje fritt land» av organisasjonen Freedom House, og som eit land med «Høg risiko» på Human Rights Risk Index 2014.

– Oman er eit land som utfører grove brot på menneskerettane, og då bør det ikkje vere noko problem at regjeringa grip inn og kansellerer kontrakten. Det er sjølvsagt synd for Kongsberg Gruppen, men slik er Stortingets vedtak, seier Hansson.

Kontrakten omhandlar sal av forsvarssystemet Nasams, som berre kan nyttast til å forsvare seg mot luftangrep.

Utstyret kan derimot bli brukt som støtte til eit eventuelt bakkeangrep som vil verne seg mot angrep gjennom lufta. Men Oman har ikkje vore delaktig i krig sidan dei var i samarbeid med mellom anna Noreg under Gulfkrigen på byrjinga av 90-talet.

– Kan ta saka til Stortinget

At det berre er snakk om sal av forsvarssystem gjer ikkje saka noko betre for MDG.

– Om du støtter eit diktaturs militære kapasitet, så støtter du det diktaturets kapasitet til å undertrykke folket. I dette tilfellet er det også planen at Noreg skal sende personell til opplæring og rettleiing. Då legitimerer fredsnasjonen Noreg både våpensalet og det omanske regimet. Det er uhaldbart, og regjeringa må avlyse salet, seier Hansson.

Om regjeringa ikkje gjer slik MDG ønskjer, og partiet ender opp med å ta saka til Stortinget, tek Hansson det for gitt at han får støtte frå dei andre partia som i februar stemte for utanriks- og forsvarskomiteen sitt utsegn.

Får støtte frå SV

Audun Lysbakken

SV-leiar Audun Lysbakken vil støtte MDG om dei tek saka til Stortinget. Lysbakken meiner Noreg ikkje skal selje våpen til Oman, sjølv om den raud-grøne regjeringa gjekk godt for salet då dei sat i regjering.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Ap, Sp, Venstre, KrF og SV stemte alle for at Noreg ikkje skal eksportere våpen til lands om bryt med menneskerettane, og sistnemnde parti gjer det klart at dei vil støtte MDG om naudsynt.

– Me er klare for å støtte forslaget om å kansellere alle våpensal som skjer til land som bryt menneskerettane. Det er heilt uakseptabelt om Noreg bidreg til å væpne regime som ikkje oppfører seg ordentleg mot sine eigne innbyggjarar. Oman er eit slikt land, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

Han viser til det same stortingsfleirtalet som Hansson, og meiner regjeringa og utanriksminister Børge Brende må kome raskt på banen for å vurdere saka og avklare om kontrakten er i tråd med retningslinjene for norsk våpeneksport.

– Fleirtalet på Stortinget er heilt krystallklare i denne saka. Når eit fleirtal er så klare i talen, er det inga tvil om at Regjeringa skal følgje den instruksen den får, seier Lysbakken.

Regjeringa vil ikkje endre på noko

Statssekretær i utanriksdepartementet, Bård Glad Pedersen (H) sender mykje av ansvaret for våpensalet vidare til den raudgrøne regjeringa, der nettopp SV var medlem. For det var i deira regjeringsperiode at kontrakten om våpensal til Oman fekk grønt lys.

SV svarer at vurderinga av Oman som mottakerland av norske våpen ikkje er ei politisk vurdering, men vert gjort av uavhengige ekspertar. Partiet meiner at det uansett er feil at Oman skal motta våpen, sjølv om salet vart godkjent av deira regjering, og at det no må gjerast ei ny vurdering.

Men statssekretær Pedersen er uansett nøgd med den raudgrøne regjeringa sin konklusjon, og vil ikkje endre på noko.

Ser ingen grunn til å gjere om på vedtaket

Statssekretær Bård Glad Pedersen (H)

– Etter å ha vurdert denne saka mot ei sjekkliste, så konkluderte den raudgrøne regjeringa om at dette var eit OK sal sidan det handlar om luftvernsystem som berre er defensivt, og som ikkje kan nyttast til intern undertrykking, og det er ei vurdering eg er einig i.

– Meiner du at Noreg sel våpen til land som utfører alvorlege menneskerettsbrot, ved å selje desse våpena til Oman?

Bård Glad Pedersen

Statssekretær i utanriksdepartementet, Bård Glad Pedersen (H), ser ingen grunn til å gjere om på vedtaket om sal. Han legg ansvaret på den raud-grøne regjeringa som i si tid gav grønt lys for kontrakten, og han støtter den vurderinga.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Det vert rapportert om menneskerettsbrot i Oman, men dette er ikkje utstyr som kan nyttast til intern undertrykking. Det er eit luftvernsystem som er reint defensivt. Det er bakgrunnen til at denne regjeringa gav løyve til dette salet, og me ønskjer ikkje å endre på det, seier Pedersen.

Statssekretæren ser ingen grunn til at regjeringa skal følge MDG si oppmoding og gjennomføre ei ny vurdering av våpensalet, sjølv om utanrikskomiteen i ettertid har sagt at Noreg ikkje skal selje våpen til land som utfører alvorlege menneskerettsbrot.

– Eg ser ingen grunn til å gjere om på det vedtaket som vart gjort av den raudgrøne regjeringa, sidan me hadde det same strenge regelverket då som me har no, seier Pedersen.

Kongsberg Gruppen: – Følger alle retningslinjer

Kongsberg Gruppen kan kome til å få 50 til 100 nye tilsette som følger av kontrakten, skreiv Laagendalsposten i januar. Kontrakten på 3,7 milliardar er den største som bedrifta nokon sinne har inngått.

KONGSBERG

Kongsberg Gruppen produserer mellom anna våpen, og har no inngått bedrifta sin største kontrakt nokosinne. Snart skal våpen for 3,7 milliardar kroner sendast til Oman.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

På spørsmål om Kongsberg Gruppen synest det er problematisk å selje våpen til ein land som Oman, svarer kommunikasjonsdirektør i Kongsberg Gruppen, Ronny Lie, at bedrifta berre følgjer dei retningslinjene dei er gitt.

– Når det gjeld eksport av forsvarsmateriell, så vert dette regulert av norske styresmakter. Det er strenge reglar når det gjeld forsvarseksport. Me etterlever dette regelverket 100 prosent, og har ingen sjølvstendig praksis utover det som er fastsett av norske styresmakter.

– Så når de sel våpen for 3,7 milliardar til eit diktatur der menneskerettane vert brotne, så er ikkje det noko de tenkjer mykje over?

– Som leverandør av forsvarsmateriell, må me til ein kvar tid etterleve det regelverket som eksisterer. Det er også vårt utgangspunkt i denne saka, kor me er underleverandør til eit amerikansk selskap, seier Lie.

Vil halde seg til kontrakten

For vår del har me inngått ein kontrakt, og har plikta oss til ein avtale som me sjølvsagt vil levere på

Ronny Lie, kommunikasjonsdirektør Kongsberg Gruppen

Kongsberg Gruppen leverer til firmaet Raytheon, som marknadsfører luftvernsystemet Nasams. Dette systemet vert nytta mellom anna i Noreg og i Washington til å beskytte politisk infrastruktur og liknande.

Lie seier han respekterer at Miljøpartiet Dei Grøne og andre stiller seg kritiske til at Noreg har ein forsvarsindustri, men understrekar at forsvarssystemet er utvikla for å forsvare sivile og militære. Kongsberg Gruppen har ambisjonar om å gjennomføre kontrakten, om ikkje det vert vedteke noko anna.

– For vår del har me inngått ein kontrakt, og har plikta oss til ein avtale som me sjølvsagt vil levere på, i høve til dei avtalane som ligg framfor oss, seier Lie.

AKTUELT NÅ