Hopp til innhold

Leitar etter gjerningsperson etter knivstikking

Ein 29 år gammal mann er stukken med kniv i magen i Sandnes sentrum i Rogaland i natt. Gjerningspersonen er framleis på frifot.

29-åringen blødde kraftig frå mageregionen og vart frakta til sjukehus etter hendninga, det opplyser operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Karstein Tendenes til NRK.

Dei to skal ha krangla utanfor ein kiosk i St. Olavs gate i Sandnes sentrum ved 01.30-tida i natt, og politiet jobbar no med å avhøyre vitner og sikre seg opptak frå videoovervaking i området.

– Det er førebels ukjent om mannen er alvorleg skadd, og vi har no varsla drosjesjåførar og utestadar i området og sendt ut eit signalement av gjerningspersonen, seier Tendenes.

Personen politiet leitar etter skal vere kring 30 år, 180-190 cm høg med kort mørkeblondt hår og han hadde ei mørk jakke.

AKTUELT NÅ