Hopp til innhold

Lovendring skal skremma utviste kriminelle

Ei fersk lovendring skal skremma kriminelle utlendingar vekk frå Noreg. Dei som er utviste frå landet risikerer no ti gonger så lang fengselsstraff dersom dei kjem tilbake.

Fengselsvakt

Styresmaktene har heva strafferamma ved brot på innreiseforbod. Normalstraffenivået går også opp frå ein månad til eitt år i fengsel.

Foto: Illustrasjonsfoto: colourbox.com

Årleg blir rundt 2000 personar utviste frå Noreg, hovudsakleg grunna ulovleg opphald eller kriminelle handlingar. Om lag ti prosent av desse trossar innreiseforbodet og returnerer.

Til no har straffenivået lege på ei bot eller éin månad i fengsel. Med den nye endringa i Utlendingslova, som tredde i kraft onsdag, kan dei som bryt innreiseforbodet få eitt år bak lås og slå.

Håpar strengare straff skremmer

Riksadvokat Tor-Aksel Busch

Riksadvokat Tor-Aksel Busch håpar lovendringa vil skremma utanlandske kriminelle frå å koma tilbake til Noreg.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

– Me får jo håpa at det blir ein allmennpreventiv verknad av strengare reaksjonar på dette området, slik at dei ikkje kjem hit. Det er jo noko av vitsen med å straffa, seier riksadvokat Tor-Aksel Busch.

I fjor blei 252 personar melde til politiet og 150 av desse tiltalte for brot på innreiseforbodet.

Det er dobbelt så mange som året før og ein kraftig auke frå 2007, syner tal frå Oslo politidistrikt, som etterforskar dei fleste av denne typen saker.

Ein som ser med uro på denne lovendringa, er leiaren i Norsk Fengsel og Friomsorgsforbund (NFF), Geir Bjørkli.

– Har ikkje plass i fengsla

Forbundsleder i NFF Geir Bjørkli, Bodø fengsel

NFF-leiar Geir Bjørkli seier det hastar med å byggja fleire fengsel i Noreg. Han meiner den nye lovendringa har lite føre seg med dagens soningskø.

Foto: Torbjørn Brovold / NRK

– Tiltaket er nok både vakkert og rørande. Det er gode intensjonar bak det, men det må vera mogleg å gjennomføra det. Me må ha ledige fengselsplassar, i dag har me ikkje det, seier Bjørkli til NRK.

Per i dag står 1200-1500 lovbrytarar i soningskø, ifølgje NFF. Straffeauken som no har tredd i kraft vil berre gjera denne køen enda lengre, meiner Bjørkli.

– Detta tiltaket vil føra til at enda fleire blir ståande i soningskø. Løysinga er å byggja fleire fengsel i Noreg, og det må skje fort, seier leiaren i Norsk Fengsel og Friomsorgsfobund.

Ketil Haukaas

Tysdag denne veka la politiet fram den totale kriminalstatistikken for 2013.

AKTUELT NÅ