Hopp til innhold

Lovar full openheit om avvik i eldreomsorga

– Kjem vi til makta, vil alle feil og avvik i eldreomsorga bli offentlege, og ikkje lagt i ei skuff slik Høgre gjer, seier Arbeidarpartiet.

Nærbilde av Raymond Johansen

Raymond Johansen vil ha full openheit om feil og avvik i eldreomsorga i Oslo.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Ei døyande kvinne vart funnen gråtande i sin eigen urin, ho hadde ikkje fått tilsyn i løpet av natta. Ein mann fekk ti gonger så mykje morfin som han skulle ha. Ein utagerande bebuar reiv ein medbebuar ut av rullestolen så ho braut beinet. To veker seinare døydde ho.

Dette er nokre av dei opprørande historiene frå eldreomsorga i Trondheim og Adresseavisen har skrive om dei siste vekene.

Lovar innsyn også i Oslo

Årsaka til at ein vite om dette i Trondheim, men ikkje i Oslo eller i Bergen, er fordi Trondheim kommune nemleg gjev innsyn i dei sokalla avviksrapportane.

Raymond Johansen er byrådsleiarkandidat for Ap, og meiner det er uakseptabelt at det ikkje er på same måten i Oslo.

– Ein kan spørje seg korleis dei pårørande, dei eldre, pressa, eller politikarane skal vite faktisk kva som skjer i eldreomsorga når det blir heldt hemmeleg, seier han i Politisk Valkvarter måndag.

Noko av argumentasjonen for openheit er at ein utan kunnskap ikkje veit korleis ein kan sette inn dei rette tiltaka.

– Det held ikkje at berrebyråden som veit dette. Helse- og omsorgskomiteen veit jo heller ikkje detaljane i dette, og her er vi nødde til å få innsikt i dette for å kunne treffe dei rette tiltaka, seier Johansenn

– Klart må vi ha offentlegheit rundt dette for å kunne beskytte dei eldre, dette er uakseptabelt.

Stian Berger Røsland

Byrådsleiar Stian Berger Røssland, meiner at personvernet bør vege tyngst.

Foto: NRK

– Kan sette personvernet i fare.

Stian Berger Røssland, byrådsleiar for Høgre, er redd for at meir openheit er negativt for personvernet.

– Vi forsøker å bygge opp ein kultur for å melde frå om avvik, seier Røssland.

Han meiner at 6000 avvik fordelt på over 6000 brukarar på 2,5 år ikkje er eit uvanleg tal, men at der ein veg å gå for å bygge opp kulturen å melde frå.

AKTUELT NÅ