Hopp til innhold

Judith (63) har venta i sju månader på hjerneoperasjon

Judith Kjær har venta i over eit halvt år på ein hjerneoperasjon. Førre veke blei ho endeleg innlagd, men måtte reisa heimatt etter sju timars venting. Pasientombodet slår no alarm om problema ved Oslo universitetssjukehus.

Judith Kjær frå Akershus har venta i over eit halvt år på ein hjerneoperasjon. Førre veke blei ho endeleg innlagd, men måtte reisa heimatt etter sju timars venting. Pasientombodet slår no alarm om problema ved Oslo universitetssjukehus.

–Eg vil ikkje min verste fiende dette her, seier Judith Kjær (63) om plagane ho har grunna høgt trykk i hjernen og lang venting på operasjon.

– Eg kjenner stramming og press ved øyro. På natta er det verst. Då får eg ei kjensle av kveling, at nokon trykkjer meg på strupa. Eg blir uroleg for det kjennest ut som at eg held på å drukna, seier Judith Kjær.

NRK har fleire gonger fortalt om fare for pasientskadar ved OUS, som følgje av lange ventetider for hjerneoperasjonar.

63 år gamle Kjær er ein av pasientane som står fast i ein slik kø.

Ho har for høgt trykk i hjernen. Den no arbeidsuføre sjukepleiaren fortel om ein vanskeleg kvardag med høgt blodtrykk, kvalme, gløymske, svimmelheit, tåkesyn og nummenheit.

Fleire gonger har ho svima av på veg ned trappa frå kjøkkenet til stova i huset sitt på Gjettumkollen i Akershus. Alle plagene trykket i hjernen gjev henne, fører også til isolering og angst.

– Det er grusomt, det hemmar meg i kvardagen. Eg beveger meg minst mogleg, dreg ikkje ut og møter andre. Eg orkar ikkje, fordi eg har ikkje kapasitet. Eg er eit sosialt vesen av natur, men blir lenka til huset. Eg har ikkje livskvalitet, seier den slitne 63-åringen.

Judith Kjær

Nevrokirurgen meinte det ikkje burde gå lenger enn seks veker før Judith Kjær fekk hjerneoperasjon. No har det gått sju månader, og Kjær ventar framleis.

Foto: Hallgeir Aunan

Har venta i sju månader

I november i fjor fekk Kjærmålt trykket i hovudet. Rådet frå hjernekirurgen ved Oslo Universitetssjukehus var då klinkande klart: ho burde opererast innan 4-6 veker, for å letta trykket.

Fire veker gjekk, så to veker til. Veker blei til månader, månader til eit halvt år - stikk i strid med legen sine tilrådingar.

Etter å ha venta i sju månader tok ho mot til seg og bad pasientombodet i Akershus om hjelp til å bli løfta fram og opp på operasjonsbordet.

Hårreisande, meiner pasient- og brukarombod i Akershus Knut Fredrik Thorne om behandlinga Kjær har fått.

– Ikkje tvil om at OUS bryt lova

Pasient- og brukarombod i Akershus Knut Fredrik Thorne

Pasient- og brukarombod i Akershus Knut Fredrik Thorne meiner OUS bryt pasientrettlova ved å la pasientar venta så lenge på hjerneoperasjonar.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK
Overlege Haldor Slettebø

Overlege Haldor Slettebø har fått i oppgåve å svara på Oslo universitetssjukehus sine vegne. Også han er uroa over situasjonen på nevrokirurgisk avdeling.

Foto: Hallgeir Aunan / NRK

– Pasientar skal ikkje venta så lenge. Det er heilt forferdeleg. Tenk deg sjølv å venta på ein operasjon i over eit halvt år etter at den skulle ha vore gjennomført, seier Thorne.

Likevel er det mange rundt om i Noreg som er i same situasjon som Kjær.

– Mange pasientar kontaktar oss som skulle ha vore opererte for fleire månader sidan – opp mot eit halvt år og lenger. Nevrokirurgisk avdeling har for liten kapasitet.

– Det er ikkje tvil om at OUS bryt lova, slår pasientombodet fast.

Om ventetida til Kjær og skuldingane frå pasientombodet har talsmannen til OUS lite å seia til sjukehuset sitt forsvar - tvert imot.

– Det triste er at det blir mange fleire pasientar som Judith Kjær. Det dreier seg no om kanskje 1000 i året. Me veit at dette blir verre og verre for kvart år som går ved OUS, seier Haldor Slettebø, konstituert lokal leiar ved nevrokirurgisk avdeling på Rikshospitalet.

Sju timar på venterommet - ingen operasjon

Kontakten med pasientombodet gav tilsynelatande fortgang i saka til Kjær. Gleda var stor då ho torsdag denne veka blei lagd inn på Oslo Universitetssjukehus.

Letta var likevel kortvarig. Heller ikkje denne dagen skulle ho få operasjonen overstått og livskvaliteten tilbake.

I sju timar venta 63-åringen, og var vitne til at andre gjekk framfor henne i køen. TIl slutt fekk ho tilbodet om å overnatta i korridoren på sjukehuset. Det takka ho nei til, og blei dermed send heim.

«Kom igjen i morgon», var beskjeden ho fekk frå sjukehuset. Neste dag blei det nok ein bomtur.

Så uforsvarleg meiner pasientombodet tilstanden ved nevrokirurgen på Rikshospitalet er, at han fredag denne veka sende ei bekymringsmelding til fylkeslegen.

– Her er det snakk om svært sjuke menneske som skulle ha vore opererte for fleire månader sidan. Det er klart det er alvorleg at dei ikkje får operasjon innan den tida dei skal ha det. Det er heilt klart uforsvarleg, seier Thorne.

Måndag ettermiddag fekk Kjær beskjed frå sjukehuset: dei vil gjera eit nytt forsøk på operasjon tysdag. Ho håpar det ikkje blir nok eit vonbrot.

AKTUELT NÅ