Hopp til innhold

Lagmannsretten: Krekar må sitte i varetekt

Mulla Krekar nådde ikkje fram i Borgating lagmannsrett. Ankesaka er no ferdig behandla, og retten har i dag kome fram til at Krekar kan haldast i varetekt i fire veker, slik politiet ba om.

Mulla Krekar på veg inn til rettsmøtet.

BLIR I VARETEKT: Lagmannsretten meiner mulla Krekar kan haldast i varetekt i fire veker, slik politiet ville.

Foto: Simon Solheim / NRK

Oslo tingrett bestemte førre fredag at mulla Krekar skal varetektsfengslast i fire veker, slik politiet ønska. Krekars forsvarar, advokat Brynjar Meling, anka avgjerda til lagmannsretten, som no også har kome med si avgjerd:

Mulla Krekar kan haldast i varetekt i fire veker. Krekar-anken er forkasta.

I vedtaket frå lagmannsretten står det:

«Lagmannsretten har som tingretten kommet til at det er skjellig grunn til å mistenke siktede for en straffbar handling som kan føre til fengsel i mer enn seks måneder, nemlig for overtredelse av straffeloven § 140 og straffeloven § 227 annet straffalternativ slik det fremgår av siktelsen av 27. februar 2015».

Politiet: – Glad for å bli høyrd

Politiinspektør Vegard Rødås i Oslo politidistrikt seier dei er glad for avgjerda frå lagmannsretten.

– Vi er nøgd med at vi har nådd fram med våre argument, seier Rødås til NRK.

Korleis ligg politiet an med etterforskinga?

– Etterforskinga er i rute, men det er for tidleg å gå ut med fleire detaljar. Vi har ein del arbeid framfor oss, seier Rødås.

Kva beslag gjorde politiet under ransakinga av heimen til Krekar?

– Eg kan ikkje kommentere beslag. Det er mykje som skal omsetjast, så det er for tidleg å kommentere, seier Rødås.

Er det aktuelt å utvide siktinga, slik du sa under behandlinga i tingretten?

– Det er for tidleg å ta stilling til, seier Rødås.

Laster Twitter-innhold

Sikta for oppfordring til straffbar handling

Krekar er sikta for brot på paragraf 140 i straffelova for offentleg å ha oppfordra til straffbare handlingar, blant anna gjennom eit intervju med NRK.

I dette intervjuet sa han blant anna at han vil sende ei gåve til dei som tek livet av kurdaren Halmat Goran. Krekar er tidlegare dømd for truslar mot han.

Han er også denne gongen sikta etter paragraf 227 i straffelova, som omfattar truslar.

Sikta etter NRK-intervju

I NRK-intervjuet kom mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, med fleire oppsiktsvekkjande uttaler:

  • Ønskjer å sende ei gåve til den som drep Halmat Goran
  • Støttar massakren mot Charlie Hebdo i Paris
  • Meiner nordmenn som teiknar Muhammed-karikaturar fortener å døy
  • Støttar norske ungdommar som reiser til Syria for å krige med IS
Dei som fornærmar islam, fortener å døy, seier mulla Krekar i eit NRK-intervju. Mullaen støttar norske ungdommar som krigar for IS, og han seier han vil sende ei gåve til den som tek livet av ein av kurdarane han tidlegare er dømt for å ha truga.

VIDEO: I sitt første lengre intervju med norsk presse på fleire år kjem mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, med fleire oppsiktsvekkjande uttaler. Sjå Krekar-intervjuet her.

AKTUELT NÅ