Hopp til innhold

Operasjonssentralen var kun bemanna med ein person

Sjølv om det kom pålegg om minst to personar på jobb på alle operasjonssentralane etter 22. juli-terroren, var sentralen i Sogn og Fjordane berre bemanna av ein person den første halvtimen under Årdal-aksjonen.

Kripos arbeidet på åstedet ved bussen i Årdal

Brannfolk og ambulanse kom fram til drapsstaden på Filefjell før politiet, som har fått hard kritikk for at dei kom seint fram. Her er Kripos i gong med undersøkingar på staden der tre personar vart drepne om bord på Valdresekspressen mellom Årdal og Oslo måndag 4. november.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Politibil holder vakt ved åstedet for drapene i Årdal

To dagar etter drapa rekonstruerte politiet hendingane ved å køyre opp ruta frå lensmannskontoret til åstedet for bussdrapa for å ta tida og finne ut kva som gjekk gale.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

I heile 25 minutt sat ein operasjonsleiar aleine på operasjonssentralen i Florø, og måtte leie den kritiske startfasen av ein politiaksjon.

Grunnbemanninga på operasjonssentralen er ein operasjonsleiar og ein operatør, men operatøren var oppteken med inkvirering av ein arrestant då dei første meldingane om hendinga på Valdresekspressen i Årdal kom inn.

Første melding til politiet kom klokka 17.31. Operatøren som var på vakt kom tilbake frå arresten cirka klokka 17.55, står det i ein rapport frå politidistriktet som er sendt til Justis- og beredskapsdepartementet.

Minimumsbemanning på to personar

Stoltenberg mottar rapporten

Gjørv-kommisjonen avga sin rapport i august 2012.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix
Alexandra Bech Gjørv

22. juli-kommisjonen leidd av Alexandra Bech Gjørv delte ut massiv kritikk til politiet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Dei var oppvask i norsk politi etter terroråtaket 22. juli 2011. Gjørv-kommisjonen var klar i talen, og kom med massiv kritikk av politiet.

Operasjonssentralen i Nordre Buskerud politidistrikt var berre bemanna med ein operasjonsleiar då den kom inn melding om skyting på Utøya.

Gjørv-kommisjonen konkluderte mellom anna med at leiinga av politiinnsatsen var mangelfull, i hovudsak grunna altfor liten kapasitet ved operasjonssentralen.

Med ein operasjonsleiar på vakt, var dei rett og slett ikkje rusta for å takle ei hending av så stor karakter.

Kommisjonen kom med totalt 31 konkrete tilrådingar i sin rapport.

Dei peika mellom anna på at det er for mange og små operasjonssentralar som ikkje er utrusta og bemanna til å fylle si viktige rolle.

Ei av tilrådingane gjekk på å styrke og innføre minimumsbemanning på landets 27 operasjonssentralar.

I disponeringsskrivet frå Politidirektoratet til politidistriktene for 2013 blei det gitt pålegg om minimumsbemanning ved operasjonssentralane på to personar.

Utdrag frå disponeringsskrivet:

Politidirektoratet understreker betydningen av robuste operasjonssentraler. Erfaringer og funn etter hendelsene 22/7 tilsier at en gjennomgående minimumsbemanning ved politidistriktenes operasjonssentraler skal være 2 ansatte. Politidistriktene bør vurdere behov for ytterligere tilgang til kvalifiserte ressurser ved en akutt ekstraordinær hendelse.

Les hele rapporten her: Disponeringsskrivet til politi- og lensmannsetaten

Arresten del av ansvaret til sentralen

Politihuset i Florø

Operasjonssentralen ligg i politihuset i Florø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Operasjonsleiaren som var aleine på sentralen i Florø, tok seg av dei første naudmeldingane, og måtte aleine sende ut mannskap. Det er ikkje kjent for NRK at samtalar sto i kø inn til sentralen.

Etter at operatøren som var på vakt kom tilbake frå arresten ved 17.55-tida, vart sentralen også styrka ytterlegare med nye operatørar klokka 18.00 og klokka 18.04.

Totalt var det då fire personar som bemanna operasjonssentralen, ifølgje rapporten til Justis- og beredskapsdepartementet. I rapporten, som er signert av politimeisteren i Sogn og Fjordane, står det at arresten er ein del av ansvarsområdet til operasjonssentralen. Det blir vist til ein lokal instruks.

NRK har vore i kontakt med Politidirektoratet og politimeister Ronny Iden i Sogn og Fjordane politidistrikt. Dei ønskjer ikkje å kommentere rapporten ytterlegare, og viser til at Årdal-hendinga skal bli evaluert i ein eigen evalueringsrapport. Denne må ligge på justisministeren sitt bord innan 15. desember.

LES OGSÅ: Politiberedskapen er ikkje blitt betre etter 22. juli

AKTUELT NÅ