Hopp til innhold

Norge tek maten frå kvalen

Noreg er med på truge økosystemet. Å fiske krill i Antarktis er risiko, seier havekspertar.

Krill

Antarktisk krill er ein nøkkelart i det antarktiske økosystem i Sørishavet. Viktig mat for kval, rokker, hai, sel, fisk og sjø-fugl.

Foto: Benjamin Saenz / Scanpix/AP

 

Noreg får kraftig kritikk for si satsing på krillfiske i Sørishavet.

Ei av verdas fremste forskarar på korleis økosystemet fungerer i havet , meiner det Noreg no gjer er svært uetisk.

- Den er vital, sjølve nøkkelen til å ta vare på eit mangfaldig økosystem.

Det seier Jackie Alder, doktor ved fiskeinstituttet til Universitetet i British Columbia i Canada. Ho har i ei årrekkje reist verda rundt for å sjå nærmare på dei lågaste vesen i næringskjeda. Alder har og vore med å leia fleire FN-panel om tema.

 

Mat for mange

Jackie Alder, doktor ved fiskerisenteret ved Universitetet i British Columbia

Ekspert: Jackie Alder er ein av dei i verda som har forska mest på kva som skjer når ein fiskar på enkeltslag i økosystemet.

Foto: Øyvind André Haram / NRK

 Krill er eit rekeliknande krepsdyr rundt seks centimeter lang og 2 gram. For svært mange er krillen noko av det viktigaste den kan få i seg.

- Ikkje minst for kval, fisk og andre artar. Det er mange som lev av krillen der nede. Sumartid feitar blant anna kvalen seg opp på dette for å leve gjennom heile vinteren. Fiskar ein på ein slik art trugar ein økosystemet, hevdar den canadiske forskaren.

I fleire år har det vore fiska på krill i Sørishavet, men Noreg gav fyrst konsesjon til å fiske krill i år. Fire fartøy er i desse dagar i området på fangst. Organisasjonen for vern av artar i Antarktis, CCAMLR, har sett klare krav på at det ikkje skal vere mogeleg å fiske meir enn 10 prosent av krillen kvart år.

Populært

Mangelen på fiskemjøl har gjort krillen svært attraktiv dei siste åra. I dag vert krill malt opp til dyre og fiskefor, men også medisinindustrien vil ha krillen. I krepsdyret er det fleire stoffar som er attraktive.

- Oppdrettsnæringa skrik heile tida etter meir fiskemjøl. Når vi veit det er det i grunn utenkjeleg at det berre vert 10 prosent uttak i framtida, seier Jackie Alder.

Den kanadiske forskaren rådar Noreg til å leggje økonomiske analyser til grunn, dersom ein skal drive krillfiske

- Mengda fiskeolje ein får ut frå krillen er liten. 1 tonn krill gjev langt mindre fiskemjøl enn til dømes sild, hevdar Jackie Alder.

  Forsvarar fiske

Helga Pedersen

Helga Pedersen gav i mai i år blant annet Kjell Inge Røkke sitt selskap Aker Biomarine moglegheita til å fiske krill.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

   Aker Biomarine (2 konsesjonar), Ervik Havfiske og Krill Seaproducts vart trukke ut då konsesjonane for krill vart tildelt i mai i år. Det kom til saman inn 12 søknadar. Fiskeri og kystminsiter Helga Pedersen forsvarar at Noreg har opna opp for slikt fiske

- Når ein set fast kvotene gjer ein det frå ein føre var tilnærming. Det vert gjort basert på råd frå ein vitskapskomitee.(CCAMLR) Vi held oss til råd frå dei og ikkje til råd frå enkelt forskarar.

- Men kvifor må Noreg fiske her?

- Vi må jo ikkje det, men vi er interessert i å utnytte marine ressursar på best mogeleg måte. Så lenge det skjer på bærekraftige måter er det bra. Forskingsskipet "Geo Sars" vert og sendt til området om kort tid. Det kan og seie oss meir om konsekvensane, hevdar fiskeriministeren. 

AKTUELT NÅ