Hopp til innhold

Vil ha krav om responstid på ambulanse

Både legar og ambulansepersonell vil ha klåre krav til kor raskt dei må vere framme hjå pasientar som treng hjelp. I dag fins det berre nasjonale anbefalingar, og ikkje krav til responstid.

Ambulanse

FORSKJELLIG: Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser forskjellar i responstid blant ambulansetenestene

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at det er forskjellar blant dei 19 ambulansetenestene i landet på kor lang tid dei brukar på å rykkje ut til pasientane.

– Går ut over pasientane

Atle Skinnes

UFØRESEIELEG: Utan krav til responstid for ambulanse uføreseieleg for pasientane, meiner Atle Skinnes i Ambulansepersonellets Yrkesorganisasjon.

Foto: Jan Erik Wilthil / NRK

I oversikta til Helsedirektoratet over landets 19 AMK-sentralar, skil det heile 10 minutt per oppdrag mellom den raskaste og den treigaste.

Atle Skinnes i Ambulansepersonellets Yrkesorganisasjon meiner mangelen på krav om responstid går ut over pasientane.

– Det er fordi det berre er ei anbefaling. Blir det eit krav, så blir det litt meir rundt om kring i Noreg, seier han.

I motsetnad til brannvesenet, har ikkje ambulansane noko krav til kor raskt dei må vere på plass hjå den som treng hjelp. Skinnes tek til orde for eit krav fordi han meiner det vil bli meir føreseieleg for pasientane.

– Får vi eit nasjonalt krav, då veit pasientane når dei kan forvente å få ein ambulanse, seier Skinnes.

Vestfold og Telemark er best

Rapporten er utarbeida i samarbeid med dei fire helseregionane i Noreg. Gjennom to år har Helsedirektoratet hatt eit prosjekt der Norsk Pasientregister har henta inn og samla aktivitetstal for tenestene.

LES OGSÅ: Politimester: – Vi må ta tiden på politiet

Cecilie Daae

BRA NOK: Cecilie Daae i Helsedirektoratet meiner ambulansetenesta i Noreg ligg rimeleg godt an.

Foto: Helsedirektoratet

Ambulansetenesta i Vestfold og Telemark er blant dei raskaste i landet. Med dei tek det i gjennomsnitt 12.4 minutt å kome fram til ein pasient frå sentralen tek imot naudanropet.

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Cecilie Daae, seier ambulansetenesta i Noreg ligg rimeleg godt an.

LES OGSÅ: Krever bedre helikopterberedskap

– Vil sei at vi ligg akseptabelt og rimeleg godt an, men det er klart eit behov og rom for forbetringar, seier ho.

– Ikkje urovekkjande avvik

Ifølgje Helsedireketoratet sine nettsider, viser internasjonal forsking at Noreg ligg i front når det gjeld overleving og helsetilbod til store pasientgrupper.

Helsedirektoratet skriv at dette viser at dei akuttmedisinske tenestene leverer gode tenester når det hastar.

LES OGSÅ: - Tilbudet er ikke godt nok

– Den norske akuttmedisinen er truleg i verdstoppen – og engasjerte eldsjeler i tenesta skal ha det meste av æra for den kvaliteten vi har i dag, seier Cecilie Daae. Avvika i rapporten er ikkje urovekkjande, meiner ho.

– Sjølv om tala i rapporten må tolkast med varsemd, er det ikkje urovekkjande store avvik i responstid frå det eine AMK-distriktet til det andre.

– Blir ikkje følgt opp

Anbefalingane frå midten av 90-talet seier at ambulansen bør bruke 12 minutt i tettbygde strøk, og 25 minutt i grisgrendte strøk, der dei fleste sentralane er eit stykke unna.

Sjølv om Daae i Helsedirektoratet seier anbefalingane fungerer godt, er ikkje Skinnes einig i det.

– I dag trur eg ikkje dei tidene blir følgt opp godt nok rundt om kring i Noreg, seier han.

LES OGSÅ: Ambulanselærlingene er i for dårlig form til å få læreplass

LES OGSÅ: – Responstidskrav krev mannskap

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger