Hopp til innhold

Krekar får bli i Oslo inntil vidare

Mulla Krekar treng ikkje å flytta til Kyrksæterøra før retten har vurdert klagen på tvangsflyttinga, opplyser Oslo politidistrikt. Kvar Krekar skal busetjast på lengre sikt, skal tingretten ta stilling til i starten av neste veke.

Mulla Krekar

Mulla Krekar sin forsvarar leverte torsdag kveld ein 20 sider lang klage på Oslo politidistrikt si avgjerd om å tvangsflytta mulla Krekar til Kyrksæterøra i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. No er det Oslo tingrett som skal ta stilling til kvar Krekar skal bu etter at han slepp ut frå fengsel (arkivfoto).

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

«Av praktiske årsaker vurderer politiet det som lite føremålstenleg å krevja at Krekar skal opphalda seg på Kyrksæterøra i den korte tida før domstolshandsaminga», skriv politiet i ei pressemelding fredag føremiddag.

Avgjerda kjem etter at Krekar sin forsvarar Brynjar Meling torsdag leverte ein 20 sider lang klage på politiet sitt vedtak til Oslo tingrett, der han også ber om at flyttinga ikkje blir gjennomført før retten har vurdert klagen.

Politimester Hans Sverre Sjøvold

Det er praktiske årsaker som ligg til grunn for at politiet utset tvangsflyttinga av mulla Krekar, seier politimeister Hans Sverre Sjøvold. seier politiet på

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK
Brynjar Meling

Brynjar Meling har mykje å utsetja på politiet sitt vedtak om å tvangsflytta klienten mulla Krekar til den vesle bygda Kyrksæterøra, halvannan times køyring utanfor Trondheim.

Foto: Øijord, Thomas Winje / SCANPIX

– Dette var ei avgjerd som Oslo politidistrikt fatta på sjølvstendig grunnlag av praktiske omsyn – i hovudsak at Krekar skal ha høve til sjølv å møta i Oslo tingrett når saka vert handsama, og av omsyn til at klient og advokat skal kunne kommunisera enkelt i forkant av rettsmøtet, seier politimeister Hans Sverre Sjøvold i ei pressemelding.

Klagar på «alt»

Meling har tidlegare sagt at tvangsflytting til Kyrksæterøra er noko Krekar «openbart ikkje kan godta», og har no argumentert mot avgjerda i ein klage som strekkjer seg over 20 sider.

Oslopolitiet må ta i bruk heile helga til å gå gjennom den omfattande klagen. Dermed vil retten tidlegast kunne ta ei avgjerd i saken i starten av neste veke.

Krekar sin advokat kritiserer i klagen både vedtaket, argumentasjonen, sakshandsaminga og på den juridiske instruksen som ligg til grunn for vedtaket om å tvangsflytta Krekar.

– Me ber om at avgjerda om tvangsflytting blir oppheva. Vedtaket medfører fridomsfrårøving og krenkjer Krekar sin rett til privatliv. Krekar er orientert om klagen. Han tek dette med stor ro og er avventande, seier Meling til NRK fredag morgon.

– Me meiner at instruksen som er brukt ikkje er gyldig fordi det er instruks i ei enkeltsak. Saka er prinsipiell og er difor viktig, legg forsvararen til.

– Gjeld berre Krekar

Kyrksæterøra, sett fra Stølan

Får politiet det som dei vil, skal mulla Krekar bu på Jarlen asylmottak i Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag. Han må halda seg innanfor Hemne kommune og melda seg til lokalt politi tre gonger i veka.

Foto: Glenn Thomas Nilsen

Meling viser med dette til at politiet tek i bruk paragraf 105 i utlendingslova, som slår fast at ein utlending kan få meldeplikt og bestemt opphaldsstad når den einaste grunnen til opphald i landet er vernet mot utsending.

Den blei innført i 2009 – nettopp for å råka Krekar. Krekar er utvist frå Noreg, men kan ikkje sendast tilbake til Irak der han blir sett på som ein terrorist og risikerer tortur og dødsstraff.

Justisministeren har sagt at instruksen gjeld for ei handfull personar i Noreg, men Politidirektoratet kjenner berre til Krekar.

– Politidirektoratet er ikkje kjent med at instruksen vil gjelda for fleire enn Krekar per i dag. Men dette er ein instruks som vil kunne omfatta fleire personar framover, seier Jan Eirik Thomassen i grense- og utlendingsseksjonen til NRK.

Krekar slepp etter planen ut frå Kongsvinger fengsel søndag, etter to år og ti månader bak murane for drapstrugslar mot blant anna statsminister Erna Solberg (H).

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger