”Norge” er ofte med når kongefamilien reiser på dei årvisse fylkesbesøka. Også ved offisielle besøk i utlandet kan kongefamilien bruke skipet som base.
Inspeksjon
Skipet har komfortable lugarar både for dei kongelege, mannskapet og for gjester. Representasjonslokalet er det store opne promenadedekket akterut. Der blir det halde mottakingar under offisielle besøk og ei rekkje mottakingar for det diplomatiske korps i Norge.
Når kongeskipet ”Norge” ligg klar til bruk i Frognerkilen i Oslo, då er det vår. Kongeskipet er i bruk frå midten av mai til slutten av september. Kongen markerer sjølv start og slutt på sesongen ved å embarkere og debarkere Kongeskipet for inspeksjon.
Forsvaret bemanner
Kongeskipet ”Norge” er det eine av berre to eksisterande kongeskip i heile verda. Det andre er den danske monarken sitt ”Danebrog”. Det skipet er hovedkvarter for dronning Margrethe og prins Henrik under reiser i Danmark og ved besøk på Grønland og Fæøyene.
Vedlikehald om bord på ”Norge” er omfattande, både på dekk og i maskinen. Mannskapet på båten brukar vinteren til å gjere dette arbeidet. Det er Forsvaret som bemannar, driv og vedlikeheld kongeskipet.