Hopp til innhold

Kommunane får refs for barnefattigdom

Mange kommunar er altfor tiltakslause og kunnskapslause når det gjeld inkludering av fattige born, konkluderer Riksrevisjonen i ein fersk rapport.

Fattig familie

Riksrevisjonen meiner både kommunane og staten må gjera meir for å få fattige born i Noreg til å delta sosialt (Illustrasjonsfoto)

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

I Noreg lever i dag 78.200 barn og unge i fattigdom. Dette er ein auke frå tidlegare år, til tross for at ni år har gått sidan Stoltenberg-regjeringa kunngjorde at dei ville avskaffa fattigdomen i landet.

– Auken i delen fattige barn har forsterka behovet for gode tiltak i kommunane, seier riksrevisor Per-Kristian Foss.

Diverre er mangelen på slike tiltak stor, syner ei heilt ny undersøking av barnefattigdom som blei lagt fram av Riksrevisjonen onsdag.

Fleire manglar

Riksrevisor Per-Kristian Foss

Riksrevisor Per-Kristian Foss legg i dag fram tre rapportar: NAV, barnefattigdom og energibistand

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Ein av fem kommunar har fribillettar til kino og svømmehall. Tre av fem har tilskotsordningar for kontingentar. Det er ikkje fleire tiltak i kommunar med mange fattige barn.

Dommen til Riksrevisjonen er klar: mange kommunar veit for lite om barnefattigdom og gjer for lite for å få fattige born til å delta sosialt.

Dette er hovudfunna i rapporten:

  • Fleire barn veks opp i familiar med låginntekt
  • Mange kommunar gjer for lite for at fattige barn skal kunne delta sosialt
  • Den statlege innsatsen for å redusere konsekvensane av fattigdom blant barn og unge er ikkje godt nok koordinert
  • Behova til barna blir ikkje godt nok kartlagde når foreldra søkjer om sosialhjelp

– Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet bør vurdera om meir kunnskap om gode løysingar og metodar kan hjelpe kommunane til å nå fram til fleire fattige barn, seier Foss.

Antall fattige barn i Norge

2006

2007

2008

2009

2010

2011

2012

67.300

70.000

72.700

73.800

74.300

73.900

78.200

– NAV utan kunnskap

Auken i delen barn i låginntektsfamiliar kjem hovudsakleg av at det har vore ein tilvekst av barn med einsleg forsørgjar og barn med innvandrarbakgrunn.

Særleg utsette er born frå Somalia, Afghanistan, Irak og Pakistan.

Riksrevisjonen påpeikar at mange NAV-kontor ikkje har nok kunnskap om kva behov barn har for økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.

Solveig Horne

Barne- og familieminister Solveig Horne (Frp) lovar bot og betring.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Statsråd Solveig Horne (Frp) seier regjeringa allereie er i gang med å betra situasjonen for dei fattige barna.

– Me tek eit stort grep no med den nasjonale tilskotsordninga for motkjemping av barnefattigdom på 110 millionar kroner. Dette er pengar som ikkje reduserer fattigdommen, men som reduserer opplevinga barna har av fattigdom, ved å gje dei tilgang til fritidsaktivitetar og ferie, seier Horne til NTB.

Følgjer utviklinga

Riksrevisoren understrekar at han kjem til å måla om tiltaka fungerer. Regjeringa slepp ikkje unna med å peika på at rapporten viser situasjonen under ei tidlegare regjering, seier han.

– Riksrevisjonen har som tradisjon og arbeidspraksis å undersøkja korleis det har gått etter tre år. Ingen statsrådar slepp unna med slike svar, seier Foss.



AKTUELT NÅ