Johan Martin Ferner var ein del av kongefamilien i meir enn 50 år, men stakk seg aldri fram.
På familiebildet frå kroningsjubileet i 2006 stod han på fyste rad, som alltid, ved prinsessa si side.
Kongehuset melder at Ferner sovnet stille inn på Rikshospitalet laurdag morgon klokka 05.25.
– Det er med stor sorg vi har teke imot det triste bodskapet om at Johan Martin Ferner er sovnet inn. Våre tankar går til Prinsesse Astrid og hennar nærmaste, som har mista ein god ektemann, far, svigerfar og bestefar, seier kong Harald i ei kondolansemelding på kongehuset sine nettsider.
I 1952 var kronprins Olav i dommarbåten under sommar-OL då Elisabeth 10, med ein ung Johan Martin Ferner blant mannskapet, segla inn til sølv for Norge.
OL-helten blei seinare bedt om å lære kronprinsbarna å segle. I båtmiljøet møtte han den unge prinsessa, som fyst mange år og mange utfordringar seinare skulle bli hans.
Tok fem år før dei fekk kvarandre
Prinsesse Astrid var Norges førstedame i 1956 då ho gjekk til faren og sa at ho ønska å gifte seg med Ferner.
– Eg skal tenkje på det, skal svaret ha vore.
Det tok 5 år. Johan Martin Ferner var skilt. Forlovinga utløyste ein storm mot kongehuset. Sentrale politikarar meinte prinsessa måtte fråseie seg tittelen og biskopar nekta å vie dei.
Men 12. januar 1961 vart det bryllaup i Asker Kirke. Prinsessa blei fru Ferner, men fylte rolla som førstedame ved kongen si side heilt fram til kronprinsesse Sonja kom inn i familien.
Fekk fem barn
Johan Martin Ferner dreiv klesbutikken Ferner Jacobsen i Oslo saman med broren.
Han var berre med i kongeleg representasjon ved store familiære hendingar, og då eit steg bak fru Ferner, prinsessa.
Johan Martin Ferner vart 87 år.
Ekteparet Ferner fekk fem barn.