Hopp til innhold

Hun er einaste norske kvinne i Mette-Marits bistandsprosjekt

– The Maverick Collective er eit unikt prosjekt, seier Camilla Hagen Sørli. Arvingen til Stein Erik Hagen er einaste norske kvinne blant medlemmene i kronprinsesse Mette-Marit sitt bistandsinitiativ.

Stein Erik Hagen og datteren Camilla Hagen Sørli

Camilla Hagen Sørli er datteren til Stein Erik Hagen, og har nå valgt å investere i kronprinsesse Mette Marits bistandsinitiativ.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Mangel på hygiene går spesielt ut over kvinner og jenter, og er på verdsbasis ei av dei største årsakene til at barn døyr, seier Camilla Hagen Sørli om kvifor styrking av sanitærforhold blant fattige er hennar satsing.

I ein epost til NRK skriv ho at the Maverick Collective innfrir familiebedrifta Caninca sitt ønskje om å ha størst mogleg effekt av dei midla dei bidreg med. Hennar prosjekt er å gjere toalett tilgjengeleg for fattige i Vietnam.

– Dette prosjektet gir ei unik mogelegheit til å arbeide tett med prosjektet, følgje kvar krone og ikkje mist bidra til å styrke utviklinga på eit viktig område med ein strategi vi trur på, skriv Hagen Sørli.

– Løfter samfunn ut av fattigdom

Kor mykje ho har investert i the Maverick Collective, seier ikkje Camilla Hagen Sørli noko om. Men som medlem i gruppa må ho bidra med minimum 1 million amerikansk dollar (rundt 8.000.000 norske kroner).

Kvinner i Vietnam lærer om sanitet og hygiene

Vietnamesiske kvinner får høre om Camilla Hagen Sørlis prosjekt.

Foto: The Maverick Collective

– Personleg synest eg the Maverick Collective er eit interessant, viktig og unikt konsept. Det er designa for å samanfalle med FNs bærekraftmål og arbeider med å utvikle nye løysingar, ressursar og initiativ for å løfte jenter og kvinner ut av fattigdom. Forsking viser at når kvinner og jenter har tilgang på helse, tryggleik og utdanning, kan dei endre samfunn og løfte heile land ut av fattigdom, skriv Hagen Sørli.

NRK har vært med kronprinsessen til Tanzania. Sammen med Melinda Gates, kona til Microsoft-gründer Bill Gates, mobiliserer hun sine internasjonale kontakter til innsats for å forbedre helsa til fattige kvinner og jenter i utviklingsland.

Svekker jenter og kvinner

I the Maverick Collective bidreg alle dei 12 medlemmene med både pengar og idear. Ideen Camilla Hagen Sørli prøver ut er korleis fattige skal få tilgang toalett. Arbeidet blei starta i Vietnam i fjor.

– Vi arbeider med å utvikle ein berekraftig marknad for toalett, skriv Hagen og skildrar dei dramatiske konsekvensane mangel på do har;

– Det døyr om lag 1000 barn kvar einaste dag relatert til diaré og andre sanitær baserte sjukdomar. Jenter unngår skulen når dei har menstruasjon på grunn av mangel på toalett. Dette kan føre til at dei ikkje får fullført skulegangen. I tillegg er faren for å bli utsett for vald og overgrep stor når dei må gå langt for å finne ein stad å gjere frå seg.

– Vi er snart eitt år inne i prosjektet og ser allereie ei positiv utvikling. Hovudmålet er å auke bruken av sanitære fasilitetar blant lavinntekts familiar i Dak Nong og Tien Gang-provinsane i Vietnam.

Måndag er Camilla Hagen Sørli og dei 11 andre medlemmene på plass i København. Der skal the Maverick Collective presenterast offentleg for fyrste gang under kvinnekonferansen Women Deliver.

AKTUELT NÅ