Hopp til innhold

Høgre tvingar gjennom abortvedtak

Høgre kjem ikkje til å stille stortingsrepresentantane fritt i spørsmålet om fastlegar skal kunne reservere seg mot å henvise til abort.

Erna Solberg

Høgre-leiar Erna Solberg vil halde avtalen med KrF og Frp, og svingar dermed partipisken over sine eigne representantar.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Trond Helleland

Parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland, seier at Høgre sine representantar ikkje får stemme fritt i saka om reservasjonsretten.

Foto: Hina Aslam
Astrid Nøklebye Heiberg

Før ho vart statssekretær tok Astrid Nøklebye Heiberg til orde for at saka om reservasjonsrett burde opp i Stortinget, og at alle burde få stemme etter eige samvit.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Karin Andersen (SV)

– Høgre argumenterer med meir fridom, men startar med meir tvang, meiner Karin Andersen frå SV.

Foto: NRK

I trontaledebatten som no pågar i Stortinget, stilte både Helga Pedersen (Ap) og Snorre Valen (SV) spørsmål om den såkalla reservasjonsretten. Den inneber at legane skal kunne reservere seg mot å henvise til abort.

Pedersen og Valen ville vite om Høgre vil tvinge sine stortingsrepresentantar til å stemme for reservasjonsretten i Stortinget.

– Når det gjeld å stille representantane fritt, så har Høgre tradisjon for å gjere dette i spørsmål som gjeld sjølvbestemt abort, men her snakkar vi om nokre legar som ønskjer å utøve sitt samvit ved å reservere seg, svara parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland.

Truleg ikkje fleirtal i Stortinget

Reservasjonsretten er nedfelt i ein avtale mellom Høgre, Frp og KrF. Eigentleg er det fleirtal i Høgre mot denne reservasjonsretten. Dermed er det truleg heller ikkje fleirtal i Stortinget.

SV har difor løfta saka inn for Stortinget for å prøve å hindre at ho blir vedteke. Dette håpet blir no knust av Helleland.

– Når tre parti i ein forpliktande avtale signerer eit dokument som seier at vi vil sjå på reservasjonsretten i samarbeid med legeforeninga, så er det ein avtale vi vil halde oss til, seier Helleland til Stortinget.

Høyres helsetoppar mot reservasjonsrett

Høyre-veteran Astrid Nøklebye Heiberg (77) tok for to uker siden sterkt til orde for at saken bør opp i Stortinget, og at alle representantene bør få stemme fritt.

– Dette er spørsmål om en samvittighetssak og der pleier stortingsrepresentantene å bli stilt fritt. Det er rimelig at man gjør i denne sammenhengen her. Det har man gjort i alle spørsmål som handler om liv og død, som jo dette er, sa Heiberg til Dagsrevyen.

Siden den gang er Heiberg blitt utnevnt som statssekretær i Helsedepartementet.

Også helseminister Bent Høie har uttala seg kritisk om reservasjonsretten. I mars i fjor sa han til Aftenposten at det aldri var meininga at reservasjonsretten mot å utføre abort, óg skulle gjelde henvisingar:

«Fastlegen er pasientens portvakt i møte med helsetjenesten. Pasienten skal da få medisinsk veiledning, og ikke bli møtt av den enkelte leges moralske oppfatninger.», sa Høie til Aftenposten.


SV gir ikkje opp

Karin Andersen frå SV er svært skuffa over at Høgre vil bruke partipisken i denne saka.

– Høgre spring frå dei prinsipielle standpunkta sine i denne saka, óg standpunkta for korleis ein handsamar slike saker i Stortinget. Der har Høgre vore ein pådrivar for at ein skal kunne stemme for det ein meiner, seier Andersen.

Ho har ikkje gjeve opp denne saka.

– Eg trur fleirtalet i Høgre er einig med oss og Ap i denne saka. Eg trur dei har gjort opp rekning utan vert.

– Så du trur Høgre-folk vil bryte ut?

– Ja, eg trur det er prinsipielt viktig for mange i Høgre at kvinna og pasienten ikkje skal settast til side, og at alle representantar bør stillast fritt så dei kan stemme etter det dei meiner i slike samvitsspørsmål. Høgre argumenterer med meir fridom, men startar med meir tvang, konkluderer Andersen.

– Tetzschner i overhuset

Etter at avtalen mellom dei borgarlege vart lagt fram, sette bloggar Susanne Kaluza i gang ein epostaksjon retta mot dei borgarlege stortingsrepresentantane.

Høgre-representant Michael Tetzschner sa i dag til NRK at han var lei av å få innboksen sin fylt opp av aksjonistane. Han meiner akjsonsformen er dårleg og viser mangel på folkeskikk.

– Eg håpar det ikkje er fleire i Høgre som er einige med Michael Tetzschner og trur dei sit i overhuset og er verna mot kva folk meiner, men at dei heller tek innover seg at her er det skarpe reaksjonar på ei prinsipiell kuvending som Høgre har gjort utan annan grunn enn å «please» KrF, seier Andersen.

AKTUELT NÅ