Hopp til innhold

Høgre og Frp i strupen på svenske SD

Partisekretæren i Sverigedemokraterna fekk seg ei kraftig skyljebøtte frå Frp og Høgre i NRK-programmet Debatten torsdag. Dei likar dårleg referansen som inspirasjonskjelde for det kontroversielle partiet.

Det kontroversielle svenske partiet Sverigedemokraterna møtte Høgre og Frp i Debatten på NRK1 torsdag 18. september.

Sjå video: Høgre og Frp vil ikkje bli assosiert med det sterkt kritiserte Sverigedemokraterna. Frå venstre: partisekretær i SD Björn Söder, Stefan Heggelund i Høgre og Kristian Norheim i Frp.

I kjølvatnet av det svenske valet har toppolitikarar som Richard Jomshof og Björn Söder i det kontroversielle partiet Sverigedemokraterna (SD) sagt til NRK at dei ser opp til den norske regjeringa sin innvandringspolitikk og hentar inspirasjon frå den.

Dette er ord som ikkje fell i god jord hjå Høgre og Framstegspartiet.

Regjeringspartnarane retta hard skyts mot SD i NRK-programmet Debatten torsdag kveld.

– Eit parti med brune røter

– SD er eit parti sådd i brun jord med brune røter som har reinvaska seg dei siste åra. Eg tek avstand frå å ha nasjonalismen som rettesnor. Frp er eit liberalt parti som vil ha ein restriktiv og ansvarlig innvandringspolitikk, sa stortingsrepresentant for Frp, Kristian Norheim.

Norheim trekte parallellar mellom SD og klassiske nynazistar som Kvit makt-rørsla og det Nordiska rikspartiet, noko som fekk SD sin representant i debattpanelet til å tenna på alle pluggar.

– Eg finn meg ikkje i at Frp skal skildra vårt parti og vår historie. Eg trur eg kjenner historia mi betre enn det Frp gjer. Det stemmer ikkje det han seier. Me er eit sosialkonservativt parti. Der skil me oss svært mykje frå Frp, svara partisekretær Söder i SD kontant.

Blankt avvist

Også Stefan Heggelund i Høgre hadde ei høne å plukka med Söder.

Heggelund kritiserte Sverigedemokraterna for å ta til orde for assimilering av innvandrarar heller enn integrering, og gav klar beskjed om korleis han ser på SD sitt forslag om å fjerna moglegheita for permanent opphaldsløyve for innvandrarar.

– Det er heilt uaktuelt i Noreg. Det er ingen her som meiner det. Det er ikkje ein del av den politiske debatten og bør heller ikkje vera det, sa Høgre-politikaren

– Det kan henda du trur at Noreg er ei inspirasjonskjelde. Men tru meg, den haldninga du har til flyktningar er det ingen av oss rundt dette bordet som deler med deg, la Heggelund til.

Populært og uglesett

Expressen avslører politikere

«Muslimane = ein kreftsvulst på moder jord», «Fy faen som eg hatar islam, eg orkar ikkje denne djevelens ideologi» og «De er jævla halvapar» er utsegn frå SD-politikarar som har ført til avisoppslag i Sverige i valkampen.

Foto: Faksimile

SD blei valt inn i den svenske nasjonalforsamlinga søndag førre veke. Partiet gjorde eit brakval, fekk nesten 13 prosent av røystene og er dermed det tredje største partiet i Sverige, etter Socialdemokraterna og Moderaterna (Sjå faktaboks).

Partiet er likevel så uglesett at ingen av dei andre riksdagspartia vil samarbeida med det. SD frontar seg sjølv som eit Sverige-venleg parti, men blir i svenske media omtala som eit høgreekstremt rasistparti. Ei rekkje rasismeavsløringar like før riksdagsvalet gjorde ikkje det frynsete ryktet betre.

Under Debatten på NRK1 torsdag sa partisekretæren at SD er eit solidarisk parti, men at dei ønskjer å hjelpa menneske i naud på andre måtar enn å gje opphald til asylsøkjarar:

– Mitt parti vil hjelpa så mange menneske me berre kan, det oppnår me ikkje gjennom å opna døra på vidt gap i Sverige,

Frp: – Ikkje gledeleg å få ros frå SD

Snorre Valen

Snorre Valen i SV skulle ønskja at Høgre var like kritiske til Frp sin innvandringsretorikk som det dei er til SD sine haldningar.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Söder held fast ved at SD er inspirert av Frp – i alle fall indirekte. Kommentaren blei møtt med ei kald skulder.

– Det er ikkje gledeleg for meg å få ros frå SD. Eg har ikkje sterke kjensler for det, sa Frp-politikar Norheim.

Snorre Valen i SV er begeistra for at regjeringspartia tek avstand frå Sverigedemokraterna, men etterlyser at Høgre tek like sterkt til motmæle mot islamfiendtleg retorikk i norsk politikk.

– Eg skulle ønskja at Stefan Heggelund og Høgre utviste same engasjement når det kjem rasistisk søl frå Frp sine rekkjer, som snikislamisering, korstog og kulturquislingar. Eg har ikkje sett Høgre gå så aggressivt til verks før og eg skulle ønskja at dei også hadde sett ei grense overfor Frp, sa SV-representanten under det direktesende ordskiftet.

AKTUELT NÅ