Hopp til innhold

Høgre-leiinga vil ha gratis kjernetid i barnehage

Leiinga i Høgre går inn for at barnehage og skulefritidsordning skal bli gratis for familiar med låg inntekt. Men borna sine foreldre må stille opp på ein form for aktivitet, til dømes arbeid eller studiar.

Jenny Sinkaberg

KRITISK: Som student med låg inntekt ha nytt godt av gratis kjernetid, men student og aleinemor Jenny Sinkaberg er skeptisk til motkrava som Høgre vil stille.

Foto: Linda Reinholdtsen / NRK

Psykologistudent og aleinemor Jenny Sinkaberg er kritisk:

– Aktivitetsplikta kan fort føre til at dei som verkeleg treng eit slikt tilbod hamnar utanfor, seier Sinkaberg.

Sjølv ville ho som student med låg inntekt ha nytt godt av gratis kjernetid, men ho er skeptisk til motkrav.

Vil aktivisere fleire kvinner

Innvandringspolitisk talsmann i Høgre, Mudassar Kapur, seier opplegget må tilpassast den enkelte.

Mudassar Kapur

INDIVIDUELT: – Dette må tilpassast den enkelte, seier innvandringspolitisk talsmann i Høgre, Mudassar Kapur.

Foto: Oslo Høyre

– Til dømes i Drammen har det vore slik at ein har gjort avtale om at mamma kan følgje barnet til barnehagen, og vere der og delta i aktivitetar, seier Kapur til NRK.

– Dersom fleire born med minoritetsbakgrunn går i barnehage, lærer seg norsk og får ein betre start på skulen, er det eit kjempeutgangspunkt for at staten skal betale for dette, seier han.

Kapur trur aktivitetsplikt vil få fleire kvinner frå innvandrarmiljøet til å delta i samfunnet.

– Dersom vi i tillegg kan få fleire kvinner til å delta i samfunnet, så er det også veldig bra og viktig, seier Kapur.

SV: – Kan gå ut over borna

SVs Karin Andersen er for gratis kjernetid i barnehage og SFO, men fryktar at aktivitetsplikta kan råke dei innvandrarane Høgre vil hjelpe.

– Dersom foreldra gjer dårlege val, og ikkje gjer akkurat det dei blir bedne om, så vil det gå ut over borna. Det kan kanskje føre til borna mistar barnehageplassen eller SFO, seier Andersen.

Forslaget om gratis kjernetid i barnehage og SFO skal opp på Høgre sitt landsmøte til helga.

AKTUELT NÅ