Hopp til innhold

Her er den russiske noten om Storskog-retur: - Ikkje til å misforstå

NRK har fått innsyn i noten som førte til stans i returane av asylsøkjarar til Russland over Storskog i Finnmark. Asyladvokat Brynjulf Risnes meiner at noten er eit klart signal frå Russland om at dei ikkje godtek utsending av asylsøkjarar med buss til Murmansk.

Asylsøkere

Russland har stansa mottaket av asylsøkjarar over grensestasjonen Storskog i Finnmark.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Her er den norske ambassaden i Moskva si omsetjing av noten frå Russland:

Den russiske noten.

Dette er den russiske noten til norsk UD frå fredag 22. januar.

«Russisk side har stengt for grensepasseringar med innreise over statsgrensa til Den russiske føderasjonen for utanlandske borgarar og statslause personar som har reist ut til Kongeriket Noreg for å få flyktningstatus. Bakgrunnen for dette er tryggingsomsyn i samsvar med artikkel 5 i Avtalen mellom Regjeringa i Den russiske føderasjonen og Regjeringa i Kongeriket Noreg om grensepasseringspunktet Borisoglebsk-Storskog over den russisk-norske statsgrensa av 28. februar 2011.

Det vert gjort unntak for tredjelandsborgarar og statslause personar når overføring til Den russiske føderasjonen vert gjort etter dei tilbaketakingsprosedyrane som er nedfelte i Avtalen mellom Regjeringa i Den russiske føderasjonen og Regjeringa i Kongeriket Noreg om tilbaketaking av 8. juni 2007 og dette er koordinert med den russiske sida.

Ministeriet bed ambassaden gjera denne informasjonen kjend for dei kompetente organa i Kongeriket Noreg».

- Snudd asylstraum

Advokat Brynjulf Risnes

Asyladvokat Brynjulf Risnes meiner den russiske noten ikkje er til å misforstå.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Innhaldet i noten er litt overraskande, men det er vanskeleg å seie at dette betyr ein stans i mottaket. Frå russiske side blir det vist til avtalen som Noreg og Russland har frå 2007, og at dei framleis vil halde seg til denne. Dei vil ikkje godta at asylstraumen blir snudd på grensa. Det dei seier, sett litt på spissen, er at Noreg må følgje reglane, seier Brynjulf Risnes til NRK.

Noten viser også til ein avtale frå 2011 som spesielt regulerer grenseovergangen Storskog/Borisglebsk, der det heiter at partane kan regulere trafikken av tryggingsomsyn.

– Noten frå Russland er ikkje til å misforstå. Han er veldig kortfatta og tydeleg. Dei vil ikkje ta mot flyktningar på denne måten, seier Brynjulf Risnes.

Politiets Utlendingseining (PU) i Oslo har fått mykje kritikk for at dei ikkje fekk fram informasjonen om dette til PU i Storskog. Dei PU-tilsette fekk der informasjonen frå NRK dagen etter at noten var sendt.

Russland stanser retur over Storskog

Fekk ikkje beskjed

Gangen i informasjonsflyten er at noten vart levert til den norske ambassaden i Moskva fredag 22. januar. Dei sender han vidare til UD i Oslo, som sende han vidare til Justisdepartementet. Justisdepartementet sende noten vidare til PU sentralt, men herfrå vart han ikkje sendt vidare til medarbeidarane i Storskog.

Laurdag føremiddag fortalde utanriksminister Børge Brende (H) om brevet frå Russland til NRK, men informasjonen kom ikkje fram til Storskog før NRK bad dei PU-tilsette der om ein kommentar til den russiske noten.

Leiar i Politiets utlendingsteneste, Kristin Kvigne, seier dette til NRK om kvifor ikkje noten vart sendt vidare til dei PU-tilsette på Storskog.

– PU vart kjent med noten fredag 22. januar, men konsekvensen av noten vart ikkje klar før laurdag 23. januar.

Politiets Fellesforbund om asylsituasjonen: – Rotete, uklart og uforutsigbart

Russland-ekspert: Tror ikke Norge har «skyld» i russisk returstans

Hevder buss-retur er avtalebrudd

AKTUELT NÅ