Hopp til innhold

Helsesøstrer åtvarer mot seksualisert mobbing

Norske helsesøstrer åtvarar mot det de meiner er ein ukultur med seksualisert mobbing blant ungdom ned i 14-årsalderen.

Skolevei i Ølen

FORSTÅR IKKJE: – Gutane forstår ikkje at dei ikkje kan halde fram med denne ukulturen. Eg er svært uroa over korleis ungdomskulturen utviklar seg, seier helsesøster Marianne Westby. Illustrasjonsfoto.

Foto: NRK

– Eg er veldig uroa for utviklinga. Det vert verre og verre. Og når vi veit det vi veit, kan eg ikkje forstå korleis russetida kan halde fram slik den er no for eksempel, seier Marianne Westby.

Ho jobbar som helsesøster på ein ungdomsskule og ein vidaregåande skule i tillegg til å vere på helsestasjon for ungdom i Oslo.

Ho viser til at det kvart einaste år er russ som vert valdtekne, og at tala ikkje går ned.

– Korleis kan ein sende dottera si ut på ein fest når ein har den kunnskapen? Vi sender dei til mogleg valdtekt. Vi vaksne må tore å vere vaksne, og setje grenser.

Åtvarar mot seksualisert ukultur

Marianne Westby

ÅTVARAR: – Vi har ein ungdomskultur som er heilt grenselaus. Og det vert verre og verre for kvart år som går, seier helsesøster Marianne Westby.

Foto: privat

Ho åtvarar mot det ho kallar ein ukultur, og seier at vi ikkje kan leggje det på etnisitet eller innvandring.

– Dette er våre gutar og jenter, og vi må slutte å late auga for dette.

Westby får støtte frå Landsgruppen av helsesøstrer (NSF) og leiar Kristin Sofie Waldum-Grevbo.

– Vi opplever at stadig fleire kjem til oss og fortel at dei er usikre på sex og korleis dei skal oppfatte ting. Jenter kan fortelje at kjærasten gjerne vil ha ho med på noko som ho ikkje synest er greitt, seier Waldum-Grevbo.

– Eg har fleire gonger måtte setje meg ned med gutar og snakke med dei om at det ikkje er greitt å ta jenter på skrittet, seier Westby.

– Det er grenselaust, og når eg spør kvifor dei gjorde det, seier dei berre at dei tulla og at det ikkje meint alvorleg, uttalte ho først til avisa Vårt Land.

Mangel på helsesøstrer

Kristin Sofie Waldum-Grevbo, leder i Landsgruppen av helsesøstre i Norsk Sykepleierforbund

MÅ SNAKKE SAMAN: – Vi må snakke med ungdomane om grensene, og om kva som er greitt og ikkje, seier leiar for Landsgruppen av helsesøstrer NSF, Kristin Sofie Waldum-Grevbo.

Foto: NSF

NSF meiner at skular som har helsesøster i langt større grad gjennomfører seksualundervisning der kjensler og grenser vert tematisert.

– Vi manglar altfor mange helsesøstrer. Dei er, saman med lærarar, viktige ressurspersonar som kan vere med på å auke forståinga, seier ho.

– Forstår ikkje alvoret

Leiar i sentralstyret til Elevorganisasjonen, Kristoffer Hansen, meiner seksualisert mobbing krev auka ressursar i skulen.

Kristoffer Hansen

VIL HA MEIR UNDERVISNING: – Skulen må tilpasse seg tida vi er i, og ta på alvor at ungdom no får inntrykk frå heile verda gjennom internett. Slik det er no, heng skulen att, seier leiar for sentralstyret i Elevorganisasjonen, Kristoffer Hansen.

Foto: Yngve Horvei/Elevorganisasjonen

– Å kalle nokon hore eller ta på nokon som ikkje ønskjer det er ikkje greitt, seier han.

Elevorganisasjonen signerte i januar partnerskapsavtale mot mobbing saman med mellom anna regjeringa.

– Eg har tru på at det vil vere med på å endre haldningane i skulen. Mykje har skjedd på få år i ungdomskulturen, men skulen følgjer ikkje etter.

AKTUELT NÅ