Hopp til innhold

Helseministeren: – Det må bli ekkelt å snusa igjen

– Ungdomen har fått for dårleg informasjon om kor skadeleg det er å snusa, seier Helseminister Bent Høie (H). No varslar han tiltak for å få ned den raskt veksande snusbruken i Noreg.

Snusboksar i skap

At snus-seljarane må gøyma vekk boksane bak skapdører ser ikkje ut til å hindra norsk ungdom i å snusa. No vil helseministeren ha nye tiltak.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Snusbruken i Noreg er tredobla på fem år, syner ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet. I aldersgruppa 16–24 år snusar no kvar tredje mann og kvar fjerde kvinne dagleg eller av og til.

Folkehelseinstituttet slår no alarm om ein farleg snus-epidemi blant unge som kan gje kreft, diabetes, dødfødslar og hjartedød.

Helseminister Bent Høie ser alvorleg på det som kjem fram i den nye rapporten.

– Dette uroar me svært mykje. Ungdom har fått for dårleg informasjon om kor skadeleg det er å snusa, seier helseminister Bent Høie (H) til NRK.

Helseminister Bent Høie er uroa over det som kjem fram i ein ny rapport om helserisikoen ved snusing.

Helseminister Bent Høie er uroa over det som kjem fram i ein ny rapport om helserisikoen ved snusing.

Betre informasjon er første prioritet

FHI-rapporten «Helserisiko ved bruk av snus» samanstiller eksisterande forsking på området, og konkluderer med at snus er helsefarleg: større risiko for fleire typar kreft, diabetes, hjarteproblem og diverse komplikasjonar ved snusing under svangerskapet.

No vil helseministeren vurdera ulike tiltak for å prøva å avgrensa talet på ungdom som begynner å snusa.

– I første omgang vil det handla om å gje ungdom betre informasjon om kor skadeleg snus er. Dei utset seg for ein helserisiko og ein avhengnad som dei vil ha med seg i mange år, kanskje resten av livet. Det vil auka faren for kreft, annan type sjukdom og død, påpeikar Høie.

Statsråden meiner det må ei haldningsendring til for å snu trenden.

– Då eg var liten var det bestefaren min som var fiskar som snusa. Det å sjå unge norske jenter som snusar, synest eg er litt merkeleg. Me må tilbake til at det å snusa er noko som blir sett på som ekkelt og som ein ikke driv med.

Ikkje forbod

FHI-direktør Camilla Stoltenberg

– Mange trur framleis at snus ikkje er skadeleg for helsa, men snus er farleg, seier Camilla Stoltenberg, direktør ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Framleis er det mykje ein ikkje veit om korleis snusing påverkar kroppen på lang sikt.

– Helserisikoen har fått for lite merksemd og ikkje vore tilstrekkeleg dokumentert. Det er den framleis ikkje, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg.

No etterlyser ho meir forsking, noko helseministeren gir henne støtte i.

Kva slags tiltak som er aktuelle for å redusera talet på unge snusarar, har ikkje Høie svaret på no. Men eit forbod blir det ikkje.

– Eg opplever ikkje at me skal gå så drastisk til verks. På same måte som med røyk, så kan me få ei sterkt positiv utvikling ved å bruka andre verkemiddel. Dette skal me leggja fram i den nye folkehelsemeldinga, opplyser Høie.

Regjeringa skal leggja fram den nye folkehelsemeldinga for Stortinget våren 2015.

AKTUELT NÅ